Toril Helene Strandabø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Toril Helene Strandabø (fødd 1949, død 2005) var ein lærar og samfunnsdebattant i Sykkylven. Ho voks opp i Ulsteinvik, dit familien flytta i 1953. Etter at ho var utdanna, budde ho fleire år i Førde. I 1986 kom ho med familien til Sykkylven. Her bygde dei opp ein vakker og funksjonell heim på Ikornnes.

Toril Strandabø var student i Oslo kring 1970 og samfunnsengasjementet hennar vart vekt av dei mange spørsmåla som var oppe i denne tida. Som sunnmøring i hovudstaden var det naturleg for henne å engasjere seg i studentmållaget. Ho hadde gjennom alle år eit sterkt engasjement for målsaka, og såg det som ein viktig siger for målrørsla då det nynorske kultursenteret i Hovdebygda vart etablert.

Det gjekk ikkje lang tid frå Toril Strandabø kom til Sykkylven i 1986 til ho hadde hendene fulle med tillitsverv i foreiningar og lag. I 1987 stilte Sykkylven SV for første gong liste i kommunen. Strandabø var ein av pådrivarane, og ho fekk sjølv varaplass i kommunestyret frå starten av den lokale partisoga. I 1999 fekk ho fast plass i kommunestyret og sat også ei tid i formannskapet.

I dei åra ho budde i Førde, midt på 1980-talet, gjorde Toril Strandabø eit pionerarbeid for å få samla dei som var opptekne av human-etikk. Ho fekk starta det første fylkeslaget for Humanetisk forbund i Sogn og Fjordane. Då ho kom til Sykkylven heldt ho fram med dette arbeidet, og ho var initiativtakar for å få etablert eit alternativ til den kyrkjelege konfirmantopplæringa. I alle åra ho budde i kommunen kjende ho eit særleg ansvar for at dette arbeidet skulle førast vidare. Ho engasjerte seg også for å få gjennomført alternative seremoniar knytt til dei andre livsfasemarkeringane.

Lista over lag som Toril Strandabø var med i var lang. Ho var blant aktivistane i Kvinner for fred, Nei til atmomvåpen og Nei til EU. Ho var fast inventar i 1.mai-komiteane, ho var med å førebu og gjennomføre 8.mars-arrangementa. Med ei uvanleg kopling av idealisme og praktisk handlag var det gjerne Toril Strandabø som hadde hand om loddsalet på arrangementa.

Strandabø hadde vide intereresser og ho var den beste allierte for alle dei som skipa til kulturelle arrangement i Sykkylven. Ofte kunne det vere varierande publikumsframmøte på teaterframsyningar og kunstutstillingar. Men eitt var sikkert: Toril og mannen Alf Jørgen Tyssing var der. Med den interessa ho viste alle dei som arbeidde med kulturelle uttrykksformer var ho ei inspirasjonskjelde.

I yrkeslivet var Toril først og fremst lærar. Ho var ein omtykt lærar ved Sykkylven vidaregåande skule. Ho trong ikkje heve røysta for at elevane skulle lytte til henne. Ho behandla elevane på ein respektfull måte og hadde ein naturleg autoritet gjennom dei store fagkunnskapane sine. Ho hadde ei særleg interesse for norskfaget og arbeidde heile tida for å halde seg oppdatert, både på det språklege og litterære feltet. Før kreftsjukdomen sette ein stoppar for dei mange aktivitetane hennar, var ho flittig deltakar på dei nasjonale samlingane for norsklærarar, mellom anna for å finne nye måtar å presentere den nasjonale kulturarven på til den oppveksande slekta. Ho døydde, 56 år gammal, i 2005.

Toril Strandabø var ei sterk føregangskvinne. Det siste ho fekk ha regien på var si eiga gravferd. Det vart ein høgtidsam seremoni i Sykkylven kulturhus, den første humanetiske gravferda i denne kommunen.

Kjelde