Torstein Veflen (1862–1884)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torstein Veflen (fødd 22. oktober 1862 i Vang i Valdres, død 10. august 1884 same stad) var eldsteson på garden Nørre Vøvle (Veflen) i Vang. Han drukna i elva ved garden. I kyrkjeboka står det at han «Faldt i Elven og druknede», og presten presiserer at det var eit uhell: «NB! Ulykkelig Hendelse».

Veflen var son av Jon Torsteinsson (1837-1934) og Berit Erlendsdotter Veflen (1840-1931). Dei hadde sju born, og forutan Torstein, som altså døydde ung, vart berre to av dei buande i Vang. To av ungane reiste til Amerika, yngstedottera flytta til nabobygda Vestre Slidre, medan den millomste dottera, Berit, vart jordmor og gift med gardbrukar Hans H. Rogstad i GjerdrumRomerike.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!