Trønderbåtar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Trønderbåtar er ein samleterm for dei ulike tradisjonsbåttypane som har lokal tilknyting til Trøndelag. Den mest ikoniske av dei er åfjordsbåten; andre typar inkluderer foldabåt, innherredsbåt og aurgjeldgeit samt ferskvassbåten stampåsbåt. I tillegg kjem ymse elvebåtar og flatbotna småbåtar, inkludert kokse/prame og kunte.