Traen (Tinn gnr 69)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Traen
Alt. namn: Train
Fyrst nemnd: 1574?
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 69

Traen er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 312) skriv Halvor H. Einung at namnet tyder opptråkka plass. «Truleg det eingong i tidi har vori ei hegne - eit vårbøle under storgarden Mårheim».

I 1574 er Traen nemnd som kyrkjegods. Brukar frå om lag 1676 til 1703 var den kjende klokkaren Søren Nilsson Traen. Etter at ålmugen i 1723 kjøpte kyrkjegodset, løyste den dåverande brukaren, Hellek Jonsson Mårheimsrud, ut garden og vart sjølveigar.

Johannes Olsson Sud Mårheim kjøpte garden i 1843.

Bruk

  • Traen (bnr. 1)
  • Åmogen (bnr. 2), låg opphaveleg til Sud Mårheim, men vart lagt under Traen i samband med at Johannes Olsson kom hit i 1843. Staden vart sjølveigarbruk i 1887.

Storekås (gnr 66) vart kjøpt innåt frå Sud Mårheim i 1786 og brukt som husmannsplass under Traen.

Kjelder


Koordinater: 60.002643° N 8.7424879° Ø