Kjeldearkiv:Trollet i Hovdefjell

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Trollet i Hovdefjell»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Trollet i Hovdefjell er ei segn frå Vegårshei i Aust-Agder.

"I gamle dagar budde det eit troll i Hovdefjell med ei gygre og 3 ungar. Trollet var 2 mannslengder i høgda og ei breidd. Når trollkjerringa bada ungane sine som bare skjedde kvart 3. år, så bada ho den eldste i Nedlaug, mellomungen i Uppsvatn (Usvatn) og den tredje, som var yngsteungen og kjelegrisen i Vegår. Det budde i Hovdefjell i over 1000 år. Men ein gong då dei la vegen over Lindkjennheia frå kaugarferda i Vegår og trollfar sjølv var med og fekk sjå kjørkader der - ein høg fjellknatte - torde han ikkje bu lenger i Hovdefjell og flytta til Trollfjell i Drangedal. Og der bur dei ennå. Under flyttinga mista dei storankret sitt i Vegår og lilleankret sitt i Vegårsevann, så dei våger seg sjeldan ut på Brødsjøvannet og Neslandsvann og aldri i Toke."[1]

Fortald av Aslak Ripe i 1880-åra.

Fotnote

  1. Tveiten, Hallvard: Vegårshei i eldre tid. Bygdesoge. Utg. Saabyes forlag. 1965. Digital versjonNettbiblioteket.