Tungenes fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Tungenes fyr»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tungenes fyr
Tungenes fyrstasjon dag.jpg
Foto: Roar Johansen (2006)
Oppretta: 1828
Bygd/ombygd: 1862/1898
Status: Nedlagt 1984
Type: Trefyr
Tilhørende bygninger: Fyrmesterbolig 1938, fyrbetjentbolig 1957-58, uthus 1947, maskinhus, naust
Eier: Randeberg kommune
Sted: Tunge
Fylke: Rogaland
Kommune: Randaberg kommune
Vernestatus: Fredet etter lov om kulturminner
Tilkomst: Bilveg, kai m/molo + 300 m

Tungenes fyr ligg på garden Tunge i Randaberg kommune. Det var fjerde fyret som blei bygt i Rogaland. Privatpersonar i Stavanger stod bak opprettinga i 1828. Det dreidde seg om talglys som var plasserte i eit hus i tunet på Tunge. Etableringa av eit fyr på nordspissen av Jæren må sjåast i samanheng med det rike sildefisket på denne tida. Fisket og sildehandelen auka behovet for ei sikrare innsegling til Stavanger.

Fyrvesenet overtok ansvar for drifta i 1862. Fyret blei då flytta til sin noverande plass på Tungeneset. I 1898 skjedde ei utbygging av fyret, mellom anna med nytt tårn. Elektrisk lys kom på plass i 1932, noko som medførte at sjølve fyret kunne forsterkast. Det fekk også nautofon (tåkelur), som framleis er inntakt. Ein ny fyrvaktarbustad blei reist i 1937. På skjeret Brakjen utanfor Tungeneset kom ei lykt i 1932. Samanlikna med mange andre fyr langs norskekysten, var nok Tungenes ein relativt behageleg plass å vera stasjonert. Køyreveg fram til fyret frå slutten av 1930-åra og kort avstand til Stavanger, bidrog til det.

Etter krigen blei bemanninga på fyret utvida, og det vart reist ein tomannsbustad for dei som hadde arbeidsplassen sin her. Då Tungenes fyr vart nedlagt i 1984, var det ei fyrlykt på Brakjen som erstatta fyret. Randaberg kommune starta omvisningar i fyret og kafédrift i tomannsbustaden. "Nye Tungenes fyr" opna som eit kultursenter i 1989. Ein femårig leigeavtale med Kystverket og sponsormidlar frå eit oljeselskap opna for vidare utbygging. Det blei mellom anna bygt opp ei sjøbrukssamling, og eit miljøprosjekt rusta opp området kring fyret og tilrettela det for publikum. I 1994 kjøpte Randaberg kommune fyret av Fiskeridepartementet. Tungenes fyr er i dag eit fyrhistorisk museum og medlem av det nasjonale fyrmuseumsnettverket som får midlar frå Fiskeri- og kystdepartementet. I 2008 overtok Jærmuseet ansvar for drifta i 20 år.

Tungenes fyr er medlem hos Norsk Fyrhistorisk Forening.

Litteratur

  • Ersland, Bjørn Arild Hansen: Fyrene rundt Norges sydspiss. Kulturhistorisk veiviser til fyrene i Rogaland og Vest-Agder. Høyskoleforlaget, 1999
  • Fyrhistorisk årbok. Utgitt av Randaberg kommune. 1995-
  • Lindanger, Birger: Tunge og havet. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 1988
  • Lindanger, Birger: Neset og havet. Randaberg kommune, 1993
  • Lindanger, Birger: Randaberg. Kultursoga til 1945. Randaberg kommune, 1988
  • Lindanger, Birger: Randaberg. Kultursoga frå 1945 til 1996. Randaberg kommune, 1996

Eksterne lenker

Koordinater: 59.03568° N 5.58126° Ø