Tverrskotting (T-15633 1967)
| Tverrskotting (T-15633 1967) | |
|---|---|
| Båten under oppussing i april 2018. (Foto: Olve Utne) | |
| Registeringsnummer | T-15633 |
| Båttype | tverrskotting |
| Byggeteknikk | klinkbygging |
| Materiale | tre |
| Lengde | 15 fot |
| Største bredde | 4,8 fot |
| Antall bordgangar: | 5 |
| Antall rom | 2 |
| Antall årepar | 2 |
| Byggeår | 1967 |
| Båtbyggjar: | John Strømsvåg |
| Framdriftsmiddel: | årer, segl, motor |
| Kommune | Tingvoll kommune |
Denne tverrskottingen vart bestilt og kjøpt av Torvald Gimnes (1909-1992) til bruk i heimefiske frå Dalan ved Sålåsundet. Han vart betalt kontant (kr 930,-) ved henting i Årsundet den 24. mai 1967. I dei første åra vart han bruka til fiske med reiskap merka med reg.nr. M-139-T. Motoren var ein Evinrude 4 hk påhengsmotor. Ny påhengsmotor, ein 1977-modell Yamaha 04015 (6 hk) vart kjøpt i 1978. I april 1978 vart han omregistrert til T-15633. Kring slutten av 1970-åra vart båten tilpassa ein gammal lysterrigg (bomlaust gaffelsegl + fokk) laga av far til Torvald, skipper Hans T. Gimnæs (1877-1938). Det arbeidet vart utført av Henning N. Nordvik frå Teigen under Innersetra på Tustna. Båten vart arva av noverande eigar og omregistrert med same nummer i januar 1993.
Bildegalleri
Notat i samband med bestilling av båt frå John Strømsvåg.
Brev til båtbyggjaren frå Torvald Gimnes i samband med at båten var mesta ferdig. Det vart spesifisert at båten skulle få eit strøk linolje og eit par årar.
Kvittering på betaling for båten ved henting i juni 1967.
I naustet i 1994.
Under segl i 1995.
I naustet i 2008.
I naustet i 2011.
Reparert tilje i mai 2018.
Reparert tilje i mai 2018.