Uppheim
Uppheim er namnet på eit forsamlingslokale i Volda sentrum, tilhøyrande Volda Kristelege Ungdomslag. Bygginga av det noverande Uppheim starta i 1980 og huset vart vigsla i september 1982.
Bygginga av det første Uppheim («Gamle Uppheim») starta sommaren 1903 på ei tomt rett ovanfor Voldskyrkja, og det huset vart vigsla 4. desember 1904. Uppheim hadde ein sentral funksjon på Øyralandet i mange år. Heradsstyret hadde møta sine her fram til Samfunnshuset vart bygd. Her var det skulekontor, og skulestyret hadde alle møta sine i huset. Mange songkor hadde øvingane sine i Uppheim, sorenskrivaren hadde rettsmøte og speidarane samlast her.
Under andre verdskrigen vart det etablert kjøken og matservering for skuleslevar i Uppheimskjellaren. I huset fekk og framhaldsskulen klasserom med skulekjøken i kjellaren.
Området kring huset, Uppheimsplassen, var festplass for Øyralandet, med Uppheimstrappa som veleigna talarstol. Men sentrumsutviklinga førte til at området måtte nyttast annleis, og derfor vart gamle Uppheim rive i 1981.
Kjelder
- Ørstavik, Ragnar 1982: Uppheim. Voldaminne s. 43-48.
- heimesida til Volda Kristelege Ungdomslag