Upsete stasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Upsete stasjon i 2019.

Upsete stasjon er ein stoppestad på Bergensbanen for lokaltoga mellom Bergen, Voss og Myrdal. Den ligg øvst i Raundalen i Aurland kommune på 850.2 moh., ved inngangen til Gravahalstunnelen.

Stoppestaden Upsete vart teken i bruk i 1906, då Bergensbanen førebels opna. Den fekk status som stasjon i 1917, men vart ubetjent i 1931. Upsete har hatt lite trafikk, men nokre turistar og hytteeigarar har brukt stasjonen. Stølsdrifta i området ga tidlegare noko godstrafikk på Upsete.

Ved stasjonen låg Upsete vokterbolig. Den vart nedlagt i samband med elektrifiseringa av Bergensbanen 7. desember 1964, då snøryddinga vart konsentrert til Myrdal stasjon.

Ved Upsete kjem det ofte store snømengder, og 15. januar 2015 måtte stasjonen stengast for å få rydda plattformen.

Galleri

Kilder og litteratur

  • Aspenberg, Nils Carl: Fra Roa til Bergen, Baneforlaget 1999. Digital versjonNettbiblioteket, s. 129.
  • Hamre, Honoria Bjerknes: De holdt Bergensbanen åpen - Jernbanefamiliene på høyfjellet 1909-1988.