Utsikten (veg i Sauherad)
(Omdirigert fra «Utsikten (Sauherad)»)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Utsikten på Nordagutu sett sørøstover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Utsikten på Nordagutu i Midt-Telemark kommune var ein stutt blindveg som gjekk sørover frå Svevalivegen i Svevalia bustadområde og var 110 meter lang.
Vegen blei namnsett i 2009, og fire einebustader hadde adresse hit.
I samband med samanslåinga av Bø og Sauherad kommune var det to vegar med namnet Utsikten, og ein måtte endrast. Det blei i 2018 vedtatt å leggje Utsikten i Sauherad til Svevalivegen.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf