Vårheim (Fedje gnr 168 bnr 259)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vårheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 259
Adresse: Husøyna 21

Vårheim er ein bustageigedom i Fedje kommune.

1. Håkon Husa f. 1929 (gnr 168 bnr 104-3a) d. 2011 g. 1957 m. Johanne Kjeilen f. 1933 Nygård (gnr 172 bnr 100-1k) d. 2003, pleiemedhjelpar. Skøyte 1975 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 same året. Huset vart sett opp i 1976, dei budde tidlegare hjå mor hans. Håkon var fiskar og sjømann, fyrbetjent frå 1970 på Holmengrå og Hellisøy, fyrvaktar i to år der (gnr 173 bnr 1-27) og to år på Utvær fyr i Solund.

Born: a. May Britt Husa f. 1958, forpleiningsass., var samb.m. Ronnie Frank Larsen f. 1957 Bergen, fotograf, bustad Holme i Meland (sjå Melandb. III s 263). b. Jan Håkon Husa f. 1959 g. 1990 m. Ida Marith Nilsen f. 1963 Sulo (gnr 169 bnr 64-1b), bygde i Husøyna gnr 168 bnr 248. c. Ronny Husa f. 1962 g. 1989 m. Elisabeth Berg f. 1958 Bergen, busette der. Sjå òg Husa (gnr 168 bnr 104-4). d. Anne Gunn Husa f. 1963 g. 1985 m. Hans Georg Sulen f. 1960 Husa (gnr 168 bnr 172-1d), bustad Oslo. Sjå Husa gnr 168 bnr 464. e. Merete Husa f. 1969 g. 1990 m. Geir Blomvågnes f. 1960 Øygarden, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 264-4).

2. Trine-Jeanette Uthaug f. 1980 Husøyna (gnr 167 bnr 12-1a), førskulelærar, samb. 2004 m. Pål-Eirik Holgersen f. 1979 Årås i Austrheim (jf Austrheimb. II s 399), fagarbeidar, så fagleiar/brannsjef Fedje kommune. Skøyte i 2012.

Born: a. Sara Huse f. 2002, sjåfør, bustad Arna i Bergen (hennar far Eivind Huse f. 1980 Øystese i Kvam, bustad Bergen). b. Maia Holgersen f. 2006. c. Hanna Holgersen f. 2008.


Fedje komm.svg Vårheim (Fedje gnr 168 bnr 259) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hagatun (Fedje gnr 168 bnr 251) • Neste bolk: Austbø (Fedje gnr 168 bnr 264)