Vaa Landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaa Landhandel.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Vaa Landhandel vart skipa i mai 1939 av Jon O. Vaa. I januar 1945 overtok Dyre O. Vaa (født 18.4.1909[1], død 1991) forretninga, og verksemda flytta inn i nye lokalar. Forretninga var ein vanleg landhandel med omsetning av kolonialvarer, manufakturvarer, jernvarer og steintøy. I tillegg vart det omsett landmannsprodukt som rakaure og geitost.

Dyre O. Vaa dreiv også pensjonat på same staden, og tok i mot faste og gjennomreisande gjester.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  1. SAKO, Rauland kirkebøker, G/Ga/L0002: Klokkerbok nr. I 2, 1849-1935, s. 122-123. Digital utgåvedigitalarkivet.