Vesttun (Fedje gnr 169 bnr 68)
Vesttun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 68 |
Adresse: | Vidnappsvegen 47 |
Vesttun er ein eigedom med forsamlingshus i Fedje kommune.
1. Fedje ungdomslag vart stifta i 1946. Det fekk overta ei brakke som tyskarane hadde bygd, og brukt som matsal under krigen. Skøyte 1952 på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2, gnr 169 bnr 15, gnr 169 bnr 16 og gnr 169 bnr 17 (felles utmark) same året. Ungdomslaget var dei første åra med i Noregs Ungdomslag, men melde seg ut og skifta namn til Fedje bygdelag i 1985, og i 2004 til Vesttun bygdelag. Huset vert kalla «Hauen», og vert brukt til arrangement for ungdom og vaksne og til utleige til private arrangement. På 1960-talet vart huset òg nytta som kinosal, med framsyningar om søndagane.
Vesttun (Fedje gnr 169 bnr 68) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59) • Neste bolk: Østheim (Fedje gnr 169 bnr 71) |