Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59)
Sjøholt er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
| Sjøholt | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 169 |
| Bnr: | 59 |
| Adresse: | Vidnappsvegen 39 |
1. Ragna Hestenes f. 1917 (gnr 169 bnr 4-3a) d. 1976 g. 1947 m. Rasmus Leiv Drivenes f. 1920 Austevoll d. 2000 (jf Austevollb. I s 38), fiskar, stuert. Rasmus var bror til Magnus Drivenes, sjå Skotholmen gnr 170 bnr 1-17f. Skøyte på tomt frådelt Hesteneset gnr 169 bnr 4 i 1952. Huset vart bygd i 1954. Rasmus flytta til Bergen omkring 1980.
Born: a. Peder Ingmund Drivenes f. 1947 d. 2017, maskinist, bustad Haugesund. b. Øystein Drivenes f. 1952, røyrleggjar, g.m. Aud Sølvi Gildernes f. 1957 Bergen (sjå Stormark gnr 172 bnr 23-3ga), bustad Fjell, seinare Bergen. c. Arvid Atle Drivenes f. 1954, sjømann, bustad Bergen, skøyte her i 1979, etter at han og broren Øystein eigde halvparten kvar frå 1976. Huset vert brukt som fritidsbustad.
| Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Kveldsol (Fedje gnr 169 bnr 55) • Neste bolk: Vesttun (Fedje gnr 169 bnr 68) |