Vika krins (Jølster)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Viken krins (Jølster)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vika krins (også skreve Viken krins) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Krinsa dukkar opp i kjeldematerialet frå 1876[1], men kan ha vore i drift tidligare. I 1881 blei Fyglastrand krins slått saman med Vika.

Undervisninga i krinsa var fram til 1884 halde i private husstandar på forskjellige plasser. Hovudsakeleg var dette i: Vika, Fygla, Fyglabakken og Kjøsnes. Men då skulehuset i Vika vart bygt i 1884, blei all framtidig undervisning i krinsa avhalde i det nye skulebygget.

I 1890/1891 blei Skrede skulekrins slått saman og underlagt med Vika krins.

I 1951 blei det drøfta om skulekrinsane; Vika, Klakegg, Veiteberg og Heggheim skulle slås samen til ein sentralskule på Skei. Dette forslaget blei etter kvart vedteke, og då den nye skulen på Skei var opna i 1960, så blei skulekrinsa i Vika nedlagt og barna overført til den nye sentralskulen.

Skulehus

Det fyrste skulehuset blei bygt i 1884. Før dette var det omgangsskule, mellom anna i Vika, Fygla, Fyglabakken og Kjøsnes.[1] I 1916 vart det vedteke å leggje inn elektrisitet i bygget. Skulehuset var i drift fram til 1928, då eit nytt skulehus vart bygt i Vika. Dette skulehuset var i bruk fram til 1960.

Skuledagen

Skulestyret vedtok i 1911 einstemig ønske om at skulen skulle ha undervising på landsmål.

Skulen var tredelt fram til 1919, då det vert vedteke av herredsstyret å gjere skulen todelt. Andre og tredje klasse vert derfor slege saman dette året.

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Olsen Viken Ole 1848 Vika 1866 1907 Balestrand Døde i 1926
Heggheim Sigurd 1881 Vika 1907 1940 Volda Døde i 1940
Huslid Olav 1889 Vika 1940 1960 Volda Døde i 1984
Anders Viken 1898 Vika 1930 1960 Volda Han var også spelemann og komponist

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Karakterprotokoll for Viken skulekrins, Skrede skulekrins og Klakegg skulekrins 1876-1903

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Viken skulekrins 1901 - 1930. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Viken skulekrins 1930 - 1960. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins, Skrede skulekrins og Klakegg skulekrins 1876-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1903 - 1948. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1923 - 1937
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1937 - 1940
  • Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1929 - 1940
  • Hovudbok for Viken skule og Skei skule, 1948-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Møtebok for Viken skulekrins 1901 - 1930
  • Møtebok for Viken skulekrins 1925 - 1960. D i g ital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Møtebok for tilsynsutvalet i Viken skulekr'i'n's' og Skrede skulekrins, 1890-1924. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Protokoll over undervisningspliktige born 'f'o'r' Viken skulekrins, 1901-1938. Digital versjon på Digitalarkivet.no.