Vinholmen (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vinholmen (Fyresdal gnr. 37/1/5) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal som har adresse Lensmannsgata 12. Denne kom frå Århus (Fyresdal gnr. 37/1)

Olav Såvison Nyli fekk i 1901 tomta Vinholmen til bruks mot 18 kroner årleg leige, og bygde hus her. Det var foreldra som skulle ha hus til føderåd. Såvi Olavson  (1823-1904) døydde i 1904, enkja kom då til Vestby, og Gunnar Jakobson Breivik tok over tomta.

Gunnar dreiv som skomakar og landhandlar og var gift med Anne Olavsdtr.  Han dreiv landhandel på Vestby. I 1913 selde dei vidare til skreddaren Olav Andreas Gunnarson Gjevesto og kona, Signe Åsmundsdtr.,  og kom til Årtun.

Etter det har det vore mange eigarar og leigetakarar, nokre gonger budde det tre familiar i bygningen, og skuleåret 1945-1946  heldt storskulen til her i ei stove.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

• Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992

Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo

• Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.