Webjørn Maler
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.
Webjørn Maler på Vestlandet
Seim (2016 s.48f)) fortel at det på Webjørn si tid var vanleg at ungdomar frå øvst i Hallingdal tok seg over til Hardanger om vårane for handel og for å søkje seg arbeid. Webjørn hadde også vore med på dette. Det var derfor naturleg at det vart denne vegen han tok då han ville ut og søkje arbeid som malar. Det gjorde han då saman med broren Svend. Seim (s.58) siterer etter Vestlandets historie: "I 1786 ser vi at dei har fare gjennom Hålandsdalen og andre bygder i Midhordaland - - - Rosemåla kister, skap og skåler. Etter alt å døma har dei vore årvisse gjester i Hardanger og Sunnhordland i 1780-åra". Eit større arbeid var dekorering av kyrkja i Åkra i Kvinnherad kommune i Sunnhordland i 1787. Svend slutta nå av som malar, Men Webjørn arbeidde vidare med både små og store oppdrag. Det blei fleire kyrkjer nordover på Vestlandet. Mest kjend er truleg Rosekyrkja i Stordal på Sunnmøre. Denne kyrkja vart i 1799 dekorert av Webjørn Maler, saman med Anders Reinholdt, som er mindre kjend. Kyrkja er «fulldekorert» i taket, på vegger og søyler i kyrkjerommet. Den er i dag ein attraksjon både for turistar og dei som bur i området.
Webjørn dekorerer stavkyrkja i Volda
To år før Webjørn dekorerte Rosekyrkja, dekorerte han kyrkja i Volda på Sunnmøre. Denne kyrkja blei truleg bygd på overgangen mellom 1200- og 1300-talet, var ei stavkyrkje bygd som ei langkyrkje. Seinare utvida til korskyrkje. Det er ikkje kjent korleis kyrkja var utsmykka gjennom dei første hundreåra. Men gjennom 1600- talet og tidleg 1700-tal blei ho til prydnad tilført fleire verdfulle gjenstandar. Dette vart toppa med Webjørn Maler sine dekorasjonar i 1797. Kyrkja vart tatt ned i 1858 og det veggfaste vart ikkje tatt vare på. Men vi kan gjere oss tankar om korleis utsmykkinga var ved å studere Rosekyrkja og gjennom minne hos personar som sjølv opplevde kyrkja.
Minne om dekorasjonane
Elias Olsson Følsvik fortel frå denne kyrkja: «Gik man ind i den saakaldte Storkirke Dør, saae man den overalt Malet med forskjellige Farver og Afbildninger. Ser man til Høire, bliver man først var Samsøn i Legemsstørrelse bærende porten i Gasa. Dernest David med sin Slynge rettet mod Goliat. End videre en Havhest og en Pælikan med Ungene, tappende Blodet af Brystet».[1] Og slik fortel han om bibelske motiv på alle veggflater der det ikkje er anna utsmykking. Når han går ut i eit av sideskipa, møter han «-- Josva og Kaleb bærende Vindruerankene mellom sig paa en Stang til Kanans Land». Deler av taket var malt i ein mørk blåfarge, « -- udprikket med Utalige Stjerner». Forteljaren legg lakonisk til: «Skade at maleren ikke havde nogen Indsigt i Astronomien.
Ei barndomsoppleving
A.O. Rangsæter (1897) fortel sjarmerande korleis han som gut opplevde all denne prakt ein juledags morgon: «At se dette gamle gudshus oplyst med en mængde talglys gjorde et saa uudslættelig indtryk paa mig, at det altid har staaet friskt i min erindring. De billeder som prydede vægge og galleri i kirken fik ved den sære oplysnig noget eget ved sig som virkede paa min barnlige fantasi».
Folket i prestegjeldet kunne gjennom sin kyrkjegang oppleve ulike former for biletkunst og kunsthandverk. Det var fargerike og fantasirike dekorasjonar i store deler av kyrkjerommet. Utsmykking som sikkert fanga blikket, både for barn og vaksne, når dei kom inn i kyrkjerommet. Og dersom preika blei for langdryg. Mange dekorasjonar gjenga bibelske hendingar, - og desse skulle vere til lærdom for ein kyrkjelyd der mange ikkje var særleg lesekyndige.
Då kyrkja blei tatt ned i 1858, gjekk alle veggfaste dekorasjonar tapt.
Webjørn slår seg til i Loen
I 1797 fekk han ei dotter med Agathe Olsdotter Dogs. Ho fekk namnet Agathe, og vi høyrer ikkje meir om mora, så truleg døydde ho uten at vi har klart å finne sikre spor. I 1798 gifte Webjørn Hamersbøen seg med Johanne Olsdotter Dokkset i Loen i Nordfjord. Webjørn slo seg då til her. Dei bygsla plassen Dalen under Tjugen. Webjørn dreiv garden samtidig som han framleis tok større og mindre arbeid i området rundt (Ellingsgard 1978 s. 220). Dette arbeidet tok slutt då Webjørn i 1809 vart alvorleg sjuk av lepra. Sjukdomen var ikkje uvanleg i Nordfjord på den tida. Og hos Webjørn må den ha utvikla seg svært fort. Alt i mai 1809 er Webjørn meld død ved St. Jørgens hospital i Bergen, hospitalet for leprapasientar (Seim 2016 s.67).
Men mange store arbeid lever etter han. Og sonen Knut førde arbeidet til faren vidare og vart heidra med namnet "Malar Knut".
Referansar
- ↑ Aarviknes 1975 s. 81f gjengir ei udatert skildring av kyrkja, ved Elias Olsson Følsvik
Kjelder
- Ellingsgård, Nils: Rosemåling i Hallingdal. Oslo 1978 s. 216f
- Mork, Rasmus J.: Gamle-kyrkja og nye-kyrkja. Aarsskrift for Volda sogelag 1917
- Nerbøvik, Jostein: Myndige møringar 1740-1870. Volda 2004 s. 228f
- Rangsæter, A.O.: Min første froprædiken. Ugebladet. Volda 1897
- Seim, Torstein: Brev heim. Hol historielag 2016
- Ørstavik, Ragnar (1982 s. 4f): Volda kyrkje 50 år. 1932- 1982. Volda 1982
- Aarviknes, Per: Voldasoga I. Volda 1970
- Aarviknes, Per: Den gamle Volda-kyrkja. Frå eit langt liv. Folkeminne, segn og soge. Volda 1975
- Webjørn Maler i Historisk befolkningsregister.
Webjørn Maler er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |