Ḥazzanut
Ḥazzanút (hebraisk חַזָּנוּת), jiddisch chazónes eller jødisk kantorialsong er fellesnamn for dei ulike tradisjonane av solosong i synagogen. Enkelt sagt kan vi skilje mellom sefardisk (inkludert portugisarjødisk) ḥazzanút og asjkenazisk ḥazzanút, der førstnemnte tradisjon i hovudtrekk har forsongar-preg med vekt på diksjon og sistnemnte i mykje større grad har ein reint solistisk rolle med større vekt på stemmeprakt og innleving. Ein person som framfører ḥazzanút i synagogen kan bli kalla ein sjalíaḥ ṣibbúr, ḥazzan eller kantor. Eit av hovud-oversiktsverka for asjkenazisk ḥazzanút sist på 1800-talet og inn på 1900-talet var Baal t'fillah oder der practische Vorbeter : vollständige Sammlung der gottesdienstlichen Gesänge und Recitative der Jsraeliten nach polnischen, deutschen (aschk'nasischen) und portugiesischen (sephardischen) Weisen nebst allen den Gottesdienst betreffenden rituellen Vorschriften und Gebräuchen (Göteborg 1887) av Abraham Baer, som var overkantor og songlærar i det judiska samhället i Göteborg frå 1857 til han døydde i 1894.
Sefardisk ḥazzanút
Asjkenazisk chazónes
Kantor Selig Gotthelf (1894–1943) og synagogekoret i Den israelitiske menighed i Kristiania (Oslo) kring 1921–1924.
Kjente ḥazzanim i Norge
- Joel Jacob Hirsch (f. 1866 i Łomża, d. 1943 i Auschwitz)
- Jacob Bodd (f. 1894, d. årsskiftet 1942/43 i Auschwitz)
- Selig Gotthelf
Lenkjer
Portugisarjødar
Asjkenazim
- Chazzanut Online - Nusach/mp3s - nederlandsk asjkenazisk tradisjon
- Virtual Cantor - austeuropeisk asjkenazisk tradisjon
|