Trolldomsprosessane
Trolldomsprosessane i Europa frå 1420-åra til kring 1750, i nyare tid òg kjent som hekseprosessane eller heksejakta, var ei organisert jakt på personar ein meinte var trolldomskunnige. Trolldomsprosessane fann hovudsakleg stad i protestantiske område, men var òg vanleg i Frankrike og Polen. I katolske kjerneområde som Spania, Portugal og Italia vart ein liknande funksjon utført av Inkvisisjonen.
Dei fleste av dei dømte i prosessane i Noreg var kvinner og har frå 1700-talet av — etter at trolldomsprosesstida var over — gjerne vorte kalla hekser. Totalt vart omkring 50 menn og 250 kvinner dømte til døden i Noreg; totalt er det dokumentert at 307 personar vart avretta. Eit unntak frå hovudregelen elles i Nord-Europa var Island, der berre menn vart dømte for trolldom. Blant samane var det òg fleire menn enn kvinner som vart skulda. Den første norske saka kom i 1570-åra, og den siste avrettinga fann stad i 1695. Dei fleste avrettingane i Noreg vart utførte ved brenning på bål. Brenninga vart sett som ei rensing av den dømte.
Dømt for trolldom
Nokre av dei som vart dømt for trolldom er:
- Anne Pedersdotter (avretta i Bergen den 7. april 1590)
- Johanne Pedersdatter (avretta i Stavanger i 1622)
- Anne Rimer (brent på bål i Fredrikstad i 1653)
- Barbro Osmundsdatter (brent på bål i Farsund i 1667)
- Lisbet Nypan (brent på bål i Trondhjem i 1670)
- Johanne Nilsdatter (brent på bål i Kvæfjord i 1695, den siste kjende avrettinga av ei heks i Noreg)
Eksterne lenker:
- Trolldomsprosess-databasen: Norsk folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo har en unik samling av dokumentasjon om trolldomsprosessene i Norge. Samlingen, som ligger
her
består av «avskrifter av et bredt spekter av rettsdokumenter, lensregnskaper, fogde- og stiftamtmannsregnskaper, domkapittelprotokoller etc. fra 1500-tallet og inn på 1700-tallet. Avskriftsamlingen omfatter ca. 650 av de totalt ca. 900 kjente trolldomssakene fra denne perioden».