Forvaltningsområdet for samisk språk
Det samiske forvaltningsområdet i Noreg består av spesifikke kommunar der norsk og samisk er likestilte i offentlig forvaltning. For innbyggjarane inneber dette rett til å bruke samisk i møte med offentlige etatar i desse kommunane. Kommunane har blant anna ansvar for eit relevant tilbod til samar i barnehage og grunnskule, og tospråklige skilt skal ha det samiske namnet før det norske. Kommunane og fylka får på si side tilskott frå Sametinget — både generelt tilskott og tilskott spesifikt til språkopplæring, språksenter (både i og utanfor forvaltningsområdet), museum, kultursenter, kulturhus og tiltak innanfor helsevesenet.
Dei norske myndigheitene anerkjenner tre offisielle samiske språk: nordsamisk (i skoltesamisk og nordsamisk område), lulesamisk (i lulesamisk og pitesamisk område) og sørsamisk (i umesamisk og sørsamisk område).
Sørsamisk (og umesamisk) område
I det ume- og sørsamiske området hører desse kommunane inn under Det samiske forvaltningsområdet:
- 2008– : Snåsa kommune / Snåasen tjïelte i Nord-Trøndelag fylke
- 2013– : Røyrvik kommune / Raavrevijhken tjïelte i Nord-Trøndelag fylke
I tillegg støttar Sametinget språksenteret Aajege i Røros kommune i Sør-Trøndelag fylke.
Hattfjelldal kommune (Aarborte) i Nordland fylke vedtok i desember 2012 å begynne arbeidet med ein søknad om innlemming i forvaltningsområdet.