Røyrvik kommune
Forside for Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune og bibliografi for Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune
Raavrhvijhken tjïelte - Røyrvik kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 5043 |
Fylke | Trøndelag |
Kommunesenter | Røyrvik |
Areal | 1584.76 km² |
Areal land | 1335.52 km² |
Areal vann | 249.24 km² |
Folketall | 474 (2018) |
Grunnlagt | 1923 |
Målform | nøytral; sørsamisk |
Nettside | Nettside |
Røyrvik kommune (bokmål/nynorsk) eller Raavrhvijhken tjïelte (sørsamisk) er ein kommune lengst nordaust i Trøndelag fylke. Kommunen vart utskilt frå Grong herred i 1923. Regionsmessig sett ligg kommunen i Indre Namdalen. Kommunen grensar til Lierne i søraust og Namsskogan i vest. I nord grensar kommunen til Grane og Hattfjelldal kommunar i Nordland fylke. I aust grensar kommunen til Strömsunds kommun i Jämtlands län i Sverige. Røyrvik har sterke band til det sørsamiske og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk.
Med sine 474 innbyggarar (2018) er Røyrvik den minste kommunen i Trøndelag etter folketal og den tredje minste i heile Noreg (etter Utsira og Modalen kommunar).
Språk
Sørsamisk
Det sørsamiske språket i Røyrvik kommune er av nordlig type, relativt nærme vefsnsamisk. Kommunen vart innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk frå 1. januar 2013. Det samiske namnet varierer melom Raavrevijhke og Raavrhvijhke, der raavre er fiskeslaget røye.
Norsk
Den norske dialekten i Røyrvik kommune hører med til dei indre trøndermåla og ligg nærmast limål, men med nokre trekk frå innernamdaling. Trekka frå limål inkluderer fremre u-uttale i ord som uļļ, muņņ; pronomenet me (vi); -a i fleirtal av svake hokjønnsord (ma’ng gryta); -a i dativ eintal av både sterke og svake hannkjønnsord (i staļļa, i bakka); og lukka vokal i dativ fleirtal -om.
Trekk frå innernamdaling inkluderer presens kasta (limål ka’st) og næmni (limål næ’mn) så vel som 1. person eintal eig, som rettnok varierer med limål i.
Administrasjonshistorie
Kyrkja
I 1589 låg sokna Høylandet, Grong og «Glaszøø» (Gløshaug) under Overhalla prestegjeld. Gløshaug kyrkje dekte da Harran, Namsskogan og Røyrvik. I 1820 vart Overhalla prestegjeld delt, og det nye Grong prestegjeld dekte da Høylandet, Grong og Gløshaugen. Innafor Gløshaugen sokn vart det oppretta nye kapelldistrikt — Trones og Røyrvik. Det sistnemnte var eit kapell for nybyggarar og samar som det vart gjeve løyve til i februar 1828. Rørvigens Capell vart innvigd allereie den 11. september same året. Røyrvik kapelldistrikt vart omgjort til sokn i 1923.
Kommunen
Grong Formandskabsdistrict vart oppretta i 1838 og inkluderte vår tids Grong, Høylandet, Namsskogan og Røyrvik kommunar. I 1901 vart Høylandet herad utskilt; og i 1923 vart Harran, Namsskogan og Røyrvik utskilt frå Grong herad. Det vart ein del debatt kring namnet på den nye kommunen i Røyrvik-området. Blant forslaga kan nemnast Jaama, Fjellsjø/Fjellsjøan og Rørvik. Det sistnemnte, i forma Røyrvik, endte opp som heradsnamn.
Kjente folk frå Røyrvik
- Jens Ingvald Ornæs (1888–1959) - gardbrukar, reindriftsagronom og kommunepolitikar
- Jan Myrheim (f. 1948) - fysikar, oppdagaren av anyonar
- Alfhild Vekterli (f. 1948) - lærar og bildekunstnar