Kristofer Lange
Kristofer Andreas Lange (født 6. september 1886 i Kristiania, død 27. april 1977) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1915-1965.
Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens Håndverks- og kunstindustriskole, og i Berlin i åra 1909-1912, og arbeidde særleg med reguleringssaker. I 1920 vann han tevling om ny byplan for Bodø. Det var difor naturleg for BSR å engasjere han til å utarbeide byplan for Bodø og reguleringsplan for Rognan etter bombinga i 1940. Han tegna også eit par bygningar i Bodø: Godtemplarhuset i Storgata 56, for Avholdslosjen Nordens Klippe og Den gode vilje, 1944 -1948, og saman med Georg Greve tegna han Bankgata ungdomsskole i Bankgata 24. Bygninga vart planlagt i 1940, bygginga tok først til i 1946, og skolen vart innvia i 1949.
I Narvik tegna han Kolflaath-gården, ein forretningsgård i Kongensgate 42 i 1950-1951.
Blant hans arbeid elles kan særleg nemnast Villa Thallaug på Lillehammer frå 1918, «Idrettens Hus» i Moss frå 1939, Horten kino frå 1936. I Oslo tegna han Sogn hageby (1920), Valkyrie plass T-banestasjon (nedlagt, men bevart) 1928, Sinsenbyen (saman med Th. Chr. Hauff - Lange sto for reguleringa, Hauff for bygningane) (1934-39), Majorstuen stasjon (Majorstuhuset) i 1930, og eit lite venteskur i betong på Slemdal stasjon. Han har også laga reguleringsplan for Nordre Nøtterøy.
Kilder og lenker
- Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
- Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
- biografi hos Store Norske Leksikon
![]() |
Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter. |