Ullaholm M-48-H LKHT (1935)
Ullaholm | |
---|---|
Registeringsnummer | M-48-H |
Egennavn: | Ullaholm |
Båttype | Skøyte |
Lengde | 68,4 fot |
Største bredde | 575 fot |
Byggeår | 1935 |
Båtbygger: | Ringens Varv - Marstrand - Sverige |
Framdriftsmidler: | Motor |
Motortype | Caterpillar |
Lagstilhørighet andre: | Ullaholm Båtklubb |
Nåværende eier: | Ullaholm Båtklubb |
Byggeverft: Ringens Varv, Marstrand, Sverige, 1935, Eikehud på eikespant med furu dekk, overbygg i stål og aluminium, LOA 20.84 meter, Breidde 5,75 meter, BRT: 64.40 NRT: 34.06, Kallesignal: LKHT
Radar Furuno M-1944C 6 kw, Kartmaskin Furuno NavNet MFD-BB, Satelittkompass Furuno SC-30, AIS Furuno FA-150 og Ekkolodd Furuno LS-4100, Autopilot Furuno NavPilot 500, VHF stasjonær Icom M 411, VHF Bærbar 6 stk Horizon vanntett flytende, Dolphin intelegent batterilader 50 Ah.Caterpillar D 353 425 hk frå 1972, Honda EU2000 generator, Pyro sentralvarmekjel, 2 stk Sinus invertere 24 - 230volt 400w + 1000w, 2x 1000 liter diesel, 1 x 1000 liter vann, 50 liter sept. Jabsco trykkvann og sjøvannspumpe,TMC septiktank og TMC tømmepumpe.
Nye elektrisktavler 1 stk 24 volt, 1 stk 12 volt 1 stk 230 volt i 2011. 24 volt er relestyrt med fjernstyring fra bro. 230 volt tavle har 3 input (land, inverter og generator), samt to modus, sjø eller land. Den originale hovudstrømstavla fra 1972 er beholdt. 2x250 amp/t Forbruksbatteri 2x170 amp startbatteri, og 1 stk 12 volt radio/nødbatteri. Mascot 24 til 12 volt automatlader.
Båten vart levert i 1935 frå Ringens Båtvarv i Marstrand med navnet «GIPSY LOVE» til The Marstrand Fishing Co Ltd i Grimsby. Mest truleg eigde motorleverandøren Bolinder-Munktell AB i Eskilstuna ein del eller heile rederiet, for 24 oktober 1938 sel Bolinder Co Ltd, London, båten til Felix Mally, Eskilstuna. Han sel den vidare den 5 november 1938 til partsrederiet Rickard Eliasson på Öckerö i Göteborgs nordre skjærgard for 35.000 kroner. Dette rederiet står som eigar frå 1938-1941 i følge www.fiskebatar.se. i perioda 1935-1938 er det på samme webside oppført at båten var i England. Båten hadde allereie då namnet Zenit.
Rickard Eliasson er etter det vi forstår identisk med mannen «Ernst Bremer» som er kjend som ein av sveriges største smuglarar. Han var ein halden man og villaen som han eigde i Öckerö, nærare bestemt Kalvsund er i dag museum og blir kalla Bremerska Villan eller Smuglarvillan.
Båten hadde Svenskt reg.nr 8309. Den første motoren var en 100 hk Bolinder tennkulemotor, 1 cyl, 2-t, som blei bytta ut i 1939 mot en 150 hk Bolinder, 2 cyl, 2-t. Båten fekk svensk fiskeriregistrer nr: GG 63.
Då andre verdenskrig braut ut vart båten overteke av den tyske krigsmarine ved Nordmeer Studien- & Reederei Gesellschaft i Leipzig. Båten blei overført i 1945 til kontoret for fiendtleg eigedom i Oslo og i 1948 overtatt av Sjødirektoratets avviklingskontor. Under 2. verdenskrig fungerte båten blandt anna som Isbrytar i Narvik.
I 1949 blei båten solgt til Johan og Georg Hansen i Åkrehamn og omdøpt til «Spannholm» R-376-A. Båten fekk då sett inn ein 180 hk Alpha motor.
I desember 1950 kjøpte Tomren-karene båten, og avløste den forrige «Ullaholm». Båten fekk namnet «Ullaholm» og registreringsnr M-48-H. I 1960 var eigarforholda slik: Petter Tomren (4/5) og Hans Tomren (1/5). I 1969 eigde Magnus og Hans Tomren «Ullaholm» ilag. I 1972 fekk båten ei betydelig oppgradering, ny Caterpillar maskin med 425 HK blei installert og nytt overbygg i aluminium vart sett på. Radiostasjonen på båten fekk kallesignal LKHT.
Båten blei kondemnert i 1989, men erklært verneverdig og overtatt av Ishavsmuseet Aarvak, Ulstein og Hareid Dykkerklubb stod for drift, og vedlikehold av båten.Vinteren 2002 ble skuta skada i ein brann i akterlugaren med påfølgande sot og røykskadar i maskinrom, bysse og styrhus. Forsikringa blei utbetalt til Ulstein Og Hareid Dykkerklubb.
Ullaholm Båtklubb kjøpte skuta frå forsikringselskapet med tanke på å restaurere skuta og ta vare på den for framtida. Ullaholm Båtklubb har no gjort eit omfattande restaureringsarbeid, og båten er i stadig bruk på klubbturer langs kysten.