Gunhild Aarflot
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. mars 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. I 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot, dei fekk fem born. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar. Sivert Aarflot skriv om kona si i sjølvbiografien (1815):
I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme. | ||
Gunhilds forklede
Det er bevart eit forklede etter Gunhild Aarflot, eit randaforkle. Forkledet er truleg vove av Gunhild kring 1790, i den tid Sivert og Gunhild budde på Årflot i Ørsta. Vevnaden er rektangulær med stripar, er truleg vevd av plantefarga, heimespunne garn og heimedyrka lin. Gunhild sitt forklede var utgangspunktet for «Voldaløparen».
Kjelder
- Busetnadssoga for Volda bd 5, Morkabygda - Lidabygda – Yksnøya. 2009.
- Aarflot, Sivert, Sjølvbiografie 1815. www.sivertaarflot.no
- Sulebust, Jarle: «Sivert Aarflot» Årbok for Sunnmøre, Sunnmøre Historielag 2009
Eksterne lekkjer
- Gunhilds forklede på Digitalt Museum.
- Gunild Rasmusdatter i folketeljinga 1801 for Volda prestegjeld frå Digitalarkivet.