Gunhild Aarflot

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. mars 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. Den 28. juni 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot,[1] dei fekk fem born. Frå 1798 budde dei på Nedre Ekset i Volda. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar.

Sivert Aarflot skriv om kona si i sjølvbiografien (1815):

I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme.

Gunhilds forklede

Det er bevart eit forklede etter Gunhild Aarflot, eit randaforkle. Forkledet er truleg vove av Gunhild kring 1790, i den tid Sivert og Gunhild budde på Årflot i Ørsta. Vevnaden er rektangulær med stripar, er truleg vevd av plantefarga, heimespunne garn og heimedyrka lin. Gunhild sitt forklede var utgangspunktet for «Voldaløparen».

Referansar

Kjelder

Eksterne lekkjer


Sivert Aarflot.jpg Gunhild Aarflot er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.