Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneNerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Frå Oppdalssida vart området elles kalla Skardalen, etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå Vognild, forbi Skarvatnet og over Skaret.
Ola K. Brøste (født 5. desember 1875 i Nedre Kleiva i Romsdalen, død 10. desember 1970 på Verma) var gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen. Foreldra var Ingeborg Pedersdtr. (1843-1935) frå Nest-Tande på Lesja og Knut Olsson Kleven (1840-1910) som var født på Ner-Brøste. Da Ola overtok Ner-Brøste, var ikkje jordvegen dyrka opp i nemnande grad. Han, og etter kvart sønene, rydda og dyrka minst 100 dekar. For det fekk han i 1929 diplom og ein sølvkopp. Buskapen var frå starten ein hest og 4-5 kyr. I 1939 var det tre hestar, 27 storfe og ein del sau. I 1938 var kornavlinga på 5000 kg godt bygg. Som nemnt under garden, var skogen viktig. Da Ola bygde om saga til sirkelsag i 1917 var kraftverket ved Stavem under bygging, og da måtte det rivast eit sagbruk som han kunne kjøpe delar frå. Deretter kjøpte Ola mykje tømmer også på Lesja-sida av fylkesgrensa. Særleg i 1933-34 hogde og skar dei mykje tømmer, mellom anna til den nye stugubygninga som Erika og Knut bygde på garden. For oppgjør for fallrettane i Ulvåa bygde han om saga i 1934. Ola var aktiv på saga så lenge den var i bruk. Siste gongen det er nemnt var i 1959. Da var han 84 år. Les mer …Det eldste bildet man kjenner til fra Andenes, tatt østover fra fyret. |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 428 artikler og 210 431 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |