Eikås krins
Eikaas krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane.
I 1897 blei Fluge lagt under Eikås krins. Dette førte til at skulen fekk ein kraftig auking av elevtalet. Tidligare hadde det vore i underkant av 40 elever i både småskulen og storskulen. Men etter samanslåinga med Fluge, så vart elevtalet økt til 25 - 35 i kvar avdeling.
Skuleprotokollane viser at det i 1901 blei oppretta en tredje avdeling i skulen. I årene 1901 til 1917 var det gjennomsnittlig 20 elevar i denne avdelinga.
I 1959/60 vart det avhalden krinsmøte i Eikås og røysta over krinsreguleringa. Jølster skulestyre, ved Ingolf Helgheim, føreslo å samla dei fire skulekrinsane: Ålhus, Eikås, Gjesdal og Sandal til «ein skulestad». Det vart bestemt at den nye skulen skulle vere på Vassenden. I 1968 blei Eikås skulekrins nedlagt og innlemma som ein del av Vassenden skule, som hadde blitt opningsklar det same året.
Skulehus
Når skulen blei oppretta er usikkert, men seinast i 1880.
I 1937 blei det vedtatt at det skulle byggas ein gymnastikksal ved skulen.
Skuledagen
I 1917 anmoda mållaget om at landsmål skulle nyttas som hovudmål i krinsen. Landsmålet vart innført året etter.[1]
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høiseth | Andreas | 1873 | Eikås | 1895 | 1899 | Hamar | Flytta til Tune i 1899 | |
Rognebakke | Johan | 1872 | Eikås | 1899 | 1935 | Volda 1898 | ||
Hjellbrekke | Eirik | 1889 | Eikås | 1918 | 1958 | Volda 1913 | ||
Bjørkeli | Lovisa | Eikås | 1930 | 1931 | Var vikar for Rognebakke | |||
Fluge | Kristianne | 1902 | Eikås | 1941 | 1947 | Volda 1924 | ||
Huslid | Maria | Eikås | 1947 | 1956 | Lærarinne 1-2 klasse | |||
Årdal | Sigmund | Eikås | 1956 | 1968 | ||||
Blakar Sunde | Anne | Eikås | 1957 | 1960 | Lærarinne 1-2 klasse | |||
Sårheim | Almveig | Eikås | 1960 | 1962 | Lærarinne 1-2 klasse | |||
Haugen | Inga | Eikås | 1962 | 1964 | Lærarinne 1-2 klasse | |||
Pedersen | Else-Marit | Eikås | 1964 | 1965 | Lærarinne 1-2 klasse | |||
Sandvik | Judith | Eikås | 1965 | 1966 | Lærarinne 1-2 klasse | |||
Wendelbo | Synneve | 1908 | Eikås | 1966 | 1968 | Lærarinne 1-2 klasse |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Dagbok for Eikås og Fluge skulekrins 1898-1940
- Dagbok for Eikås skulekrins 1892-1910
- Dagbok for Eikås skulekrins 1917-1959
- Dagbok for Eikås skulekrins 1941-1968
- Dagbok for Eikås skulekrins 1958-1968
- Karakterprotokoll for Eikås og Fluge skulekrins 1879-1895
- Karakterprotokoll for Eikås og Fluge skulekrins 1897-1944
- Møtebok for Eikås skulekrins 1916-1969
- Skuleprotokoll for Eikås skulekrins 1945-1968
Koordinater: 61.46541° N 6.02978° Ø
- ↑ Møtebok for tilsynsutvalet i Eikås skulekrins, 1916-1969