Jon Laurits Qvisling
Jon Laurits Qvisling (fødd 1844 i Fyresdal, død 1930) var prest og forfattar.
Han var den eldste av ti sysken derav ni vaks opp. Foreldra, Gro og Lars Abraham Qvisling, kjøpte garden Lunden i Hegglandsgrend i 1844.
Jon Laurits budde på Lunden til han reiste som ung til Skien for å gå på "Skiens lærde Skole". Her tok han eksamen artium i 1862 med karakteren prae ceteris. I 1869 tok han teologisk embetseksamen, men var lærar i Drammen og Grimstad til han blei tilsett som sokneprest i Fyresdal i 1879. Her virka han til 1893.
Under opphaldet i Fyresdal gifta han seg med den omtrent seksten år yngre Anna Karoline Bang i Grimstad i 1886. Ho var dotter av skipsreiar Jørgen Bang og Antonette Dorothea Huseland. Dei hadde fire born saman: Vidkun, Jørgen, Esther og Arne.
I perioden 1893-1900 var J. L. Qvisling residerande kapellan i Strømsø i Drammen til han blei soknepest i Gjerpen og prost i Skien. Han tok avskil i 1917 og døydde i 1930.
Om J. L. Qvisling var liten av vokster, tok han det att i bokleg kunnskap. Han hadde store faktiske kunnskapar, men òg interesse for gammal overtru. Han var humanist, historikar og skreiv mellom anna fleire historiske bøker frå Telemark. Frå Fyresdal henta han stoff til Fyresdals presters og prestegjelds historie, som kom ut i 1888. Seinare blei boka omarbeidd og kom ut i 1912 med tittelen Fyresdals historie. Same året kom Fra mine unge aar. Desse to bøkene har verdfulle opplysningar om Fyresdal i eldre tid. Båe er kome i nytt opplag.
Kjelder og litteratur
- J. L. Qvisling: ”Fyresdals historie”. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
- J. L. Qvisling: ”Fra mine unge aar”. Fyrste utgåve 1912. Erik St. Nilssens Forlag. Skien. Ny utgåve som faksimilieutgåve 2004. Norgesforlaget AS