Tysfjord kommune
Forside for Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune og bibliografi for Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune
Tysfjord kommune (Mal:Bokm./Mal:Nyn.) eller Divtasvuona suohkan (Mal:Lules.) er ein kommune i Nordland fylke. Kommunen vart utskilt frå Lødingens herred i 1869. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningspunktet mellom Salten og Ofoten. Kommunen grensar til Lødingen i Vesterålen over Vestfjorden i nordvest, til Hamarøy i Salten i sørvest og til Ballangen i Ofoten i nordaust. I aust grensar kommunen også til Jokkmokk og Gällivare i Norrbottens län i Sverige. Tysfjord kommune utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk. Det lulesamiske språksenteret Árran ligg på Drag i Tysfjord kommune.
Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1850 |
Fylke | Nordland |
Kommunesenter | Kjøpsvik |
Areal | 1463.71 km² |
Areal land | 1359.74 km² |
Areal vann | 103.97 km² |
Folketall | 1 953 (2018) |
Grunnlagt | 1869 |
Målform | nøytral; lulesamisk |
Nettside | Nettside |
Språk
Tysfjord kommune går frå havet til fjella ved grensa mot Sverige. Dei ytre strøka har tradisjonelt hatt blanda busetting med norsk dominans, medan dei indre strøka har hatt hovudsaklig samisk busetting. Det samiske språket som blir brukt i Tysfjorden i dag er lulesamisk av hovudsaklig innlandstype, ettersom mange lulesamar frå Jokkmokk og Gällivare kom flyttande til kysten da den svenske lapplandskoloniseringa tiltok og reinbeita svikta i Lule lappmark på 1700- og 1800-talet.
Den norske dialekten i Tysfjorden ligg i skjeringspunktet mellom saltværing, vesteråling og ofoting. Dialekten manglar tjukk l i likheit med vesteråling og ofoting, og ubestemt form eintal av svake hokjønnsord ender normalt på -a (ei vekka, ei jenta) som i vesteråling og ofoting. På den andre sida er det gjerne apokope i infinitiv av verb (å vær, å vett) i likheit med saltværing og lofotværing.
Administrasjonshistorie
I 1589 låg Tysfjorden under Lødingen prestegjeld. I 1838 vart Lødingen Formandsskabsdistrict, seinare kalla Lødingen herred oppretta med same grensene som prestegjeldet. Tysfjorden vart eige kyrkjesokn i 1857, og soknet vart utskilt frå Lødingen som eige prestegjeld ti år etter, i 1867. I 1869 vart Tysfjordens herred utskilt frå Lødingens herred med same grensene som kyrkjesoknet.
Kjente tysfjerdingar
- Mikal Urheim (f. 1932) - forfattar, predikant og lærar i lulesamisk
- Jack Berntsen (1940–2010) - visediktar, musikar og songar (fødd i Kjøpsvik, men vaks opp i Hamarøy kommune)
- Frank A. Jenssen (f. 1952) - forfattar og fotograf
- Sven-Roald Nystø (f. 1956) - tidligare sametingspresident
- Stig Gælok (f. 1961) - lulesamisk forfattar.
Lenkjer
|