Tysfjord kommune
Forside for Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune og bibliografi for Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune
Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1850 |
Fylke | Nordland |
Kommunesenter | Kjøpsvik |
Areal | 1463.71 km² |
Areal land | 1359.74 km² |
Areal vann | 103.97 km² |
Folketall | 1 953 (2018) |
Grunnlagt | 1869 |
Målform | nøytral; lulesamisk |
Nettside | Nettside |
Tysfjord kommune (bokmål/nynorsk) eller Divtasvuona suohkan (lulesamisk) er ein tidligare kommune i Nordland fylke. Kommunen vart utskilt frå Lødingens herred i 1869. I 2020 vart kommunen delt mellom Hamarøy kommune og Narvik kommune. Regionsmessig sett låg kommunen i brytningspunktet mellom Salten og Ofoten. Tysfjord grensa til Lødingen i Vesterålen over Vestfjorden i nordvest, til Hamarøy i Salten i sørvest og til Ballangen i Ofoten i nordaust. I aust grensar Tysfjord også til Jokkmokk og Gällivare i Norrbottens län i Sverige. Tysfjord utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg og låg under Forvaltningsområdet for samisk språk. Det lulesamiske språksenteret Árran ligg på Drag i Tysfjord Vest.
Administrasjonshistorie
I 1589 låg Tysfjorden under Lødingen prestegjeld. I 1838 vart Lødingen Formandsskabsdistrict, seinare kalla Lødingen herred oppretta med same grensene som prestegjeldet. Tysfjorden vart eige kyrkjesokn i 1857, og soknet vart utskilt frå Lødingen som eige prestegjeld ti år etter, i 1867. I 1869 vart Tysfjordens herred utskilt frå Lødingens herred med same grensene som kyrkjesoknet.
1. november 2016 vedtok kommunestyret i Tysfjord å gå i forhandlingar med naboane Ballangen, Narvik, Evenes og Hamarøy med tanke på deling av kommunen.
Folk og språk
Tysfjord kommune gjekk frå havet til fjella ved grensa mot Sverige. Dei ytre strøka har tradisjonelt hatt blanda busetting med norsk dominans, medan dei indre strøka har hatt hovudsaklig samisk busetting. Det samiske språket som blir brukt i Tysfjorden i dag er lulesamisk av hovudsaklig innlandstype, ettersom mange lulesamar frå Jokkmokk og Gällivare kom flyttande til kysten da den svenske lapplandskoloniseringa tiltok og reinbeita svikta i Lule lappmark på 1700- og 1800-talet.
Den norske dialekten i Tysfjorden ligg i skjeringspunktet mellom saltværing, vesteråling og ofoting. Dialekten manglar tjukk l i likheit med vesteråling og ofoting, og ubestemt form eintal av svake hokjønnsord ender normalt på -a (ei vekka, ei jenta) som i vesteråling og ofoting. I bestemt form ender både sterke og svake hokjønnsord på -a (boka, bøtta), i likheit med alle dialektane frå Nordfold og nordover. Det er gjerne apokope i infinitiv av verb (å vær, å vett) i likheit med saltværing og lofotværing og i nokon grad vesteråling.
Media
Lokalavisa i Tysfjord er først og fremst Lokalavisa NordSalten (Bájkkeavijssa NuorttaSállto), som har Steigen, Hamarøy og Tysfjord som dekningsområde. Den Narvik-baserte regionsavisa Fremover dekker Ofoten (inkludert Tysfjord) og Indre Sør-Troms; og den Bodø-baserte Avisa Nordland dekker Salten, som då inkluderer Salten i snevrare forstand så vel som Rødøy, Meløy, Røst, Værøy og Tysfjord.
Kjente tysfjerdingar
- Mikal Urheim (f. 1932) - forfattar, predikant og lærar i lulesamisk
- Jack Berntsen (1940–2010) - visediktar, musikar og songar (fødd i Kjøpsvik, men vaks opp i Hamarøy kommune)
- Frank A. Jenssen (f. 1952) - forfattar og fotograf
- Sven-Roald Nystø (f. 1956) - tidligare sametingspresident
- Stig Gælok (f. 1961) - lulesamisk forfattar.