Maria Bertina Aaland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Maria Bertina Aaland (fødd 2. oktober 1895 i Innvik i Nordfjord, død 30. april 1970) var lærarinne.
Ho var dotter av bonde Jon Aaland (1849-?) og Inger f. Hopland (1859-?). Maria Bertina Aaland tok eksamen ved Volda lærarskule i 1918. Lærarinnekurset på industriskulen i Oslo tok ho i 1926.
Som nyutdanna vart ho tilsett som lærarinne i Breim i 1918, og i 1921 arbeidde ho ved Espevær folkeskule på Bømlo. Frå 1922 til 1934 var Maria Bertina Aaland lærarinne ved Dale folkeskule og fram til 1937 på Valsvik skule, Vik i Sogn.
Kilder og litteratur
- Maria Aaland i folketelling 1900 for Innvik herred fra Digitalarkivet
- Maria Johnsdatter i folketelling 1910 for Innvik herred fra Digitalarkivet
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Sæbø, Arne Inge: Skulesoge for Vik. Utg. Vik lokalhistoriske arkiv. 2005. ISBN 82-7959-071-4.
- Gravminne for Maria Bertina Nos, f. Aaland i Randabygda, Stryn