Ernest Orlando Lawrence
Ernest Orlando Lawrence var ein nobelprisvinnar og professor i fysikk av norsk avstamming. Han blei fødd i Madison, Wisconsin 12. januar 1871, død 27. august 1958.
Namnet Lawrence er ein amerikanisering av oldefaren sitt namn Lavrants. Hans farfar, Olav Lavrantson Hogndalen, var omgangsskulelærar i Åmotsdal iSeljord, Telemark. Olav emigrerte som mange til Amerika i 1843. Han gifte seg der i 1850-åra med Bertha Marie Ellefsen frå Kragerø. Dei fekk seks born og ein av desse var Carl Gustavus Lawrence. Carl hadde gode evner og fekk svært god utdanning. Han hadde særleg interesse for pedagogikk og psykologi og blei seinare professor (lærar?) ved The Normal and Industrial School i South Dakota.
Carl fekk óg norsk ektefelle og gifte seg med Gunda Garmosøygard[1] frå Lom i Gudbrandsdalen. Dei fekk seks born. Den eine av desse var var Johan Lawrence som var professor i medisin ved universitetet i Berkley. Ein annan son var professor Ernest Orlando Lawrence.
Professsor Ernst Orlando Lawrence ved Universsity of Calefornia Berkely i USA, et av de mest lysende navn i moderne videnskap. I 1940 fikk han Nobelprisen i fysikk som oppfinner av Syklotronen, populært kalt atomkanonen. Med denne oppfinnelse hadde han gitt vitenskapen et nytt og meget virkningsfullt redskap til studiet av atomspaltingen. Han er ikke nettopp oppfinner av atombomben, men både ved sin oppfinnelse og i sitt senere arbeid, er han av de vitenskapsmenn som har bidratt mest til at atombomben er blitt virkelighet. Det er ikke uten en viss stolthet at vi kan regne ham som halveis lands-mann. Hans slekt er rent norsk, både på farssiden og på morsssiden, selv om både han og foreldrene er født i USA. | ||
– Rjukan Dagblad. Februar 1946. |
Litteratur
- Tov Flatin: Seljordssoga, Seljord kommune, 1945 og 1954.
- Bind II «Gardar og ættir i hovudsokne og Flatdal sokn»
- Bind III «Gardar og ættir i Flatdal sokn (framhald frå II band.) og Åmotsdal sokn», «Ymse lag i heradet» og «Rettingar til band I, II og III».
- Aakre, Harald: Skarsvegen. Svartdal, 1991.
- Høgehaug, Olav/Trygve Nes: Ættesoge frå Øvre Telemark. Skien, 1997. ISBN 82-992218-6-2.
- Rjukan Dagblad. 1946.
Eksterne lenker
- «Skarsvegen» på Kulturminneåret 2009s nettsider
- «Skarsvegen» på hjartdalsbygda.no
Referanse
- ↑ Iflg. Bygdabok for Lom bd 2 s. 42f (under Garmosøygarden) var foreldra Marit Knutdtr. frå Vesløygarden (1834-1905) g. 1871 m. Eirik Jakobsson frå Garmosøygarden (1846-1921). Dei var innerstar i Garmosøygarden da dei gifta seg, og utvandra i 1873. Det står dei kom til Iowa, fekk fire barn til og at eit av barnbarna fekk nobelprisen i kjernefysikk i 1938.