Ernest Orlando Lawrence

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.
Ernest Orlando Lawrence

Ernest Orlando Lawrence (fødd i Canton, South Dakota 8. august 1901, død 27. august 1958) var ein amerikansk professor i fysikk av norsk avstamming. Lawrence fekk nobelprisen i fysikk i 1939.

Namnet Lawrence er ei amerikanisering av oldefaren sitt namn, Lavrants. Farfar hans, Olav Lavrantson Hogndalen, var omgangsskulelærar i Åmotsdal i Seljord i Telemark. Olav emigrerte, som mange, til Amerika i 1843. Han gifte seg der i 1850-åra med Bertha Marie Ellefsen frå Kragerø. Dei fekk seks born, og ein av desse var Carl Gustavus Lawrence. Carl hadde gode evner og fekk svært god utdanning. Han hadde særleg interesse for pedagogikk og psykologi og blei seinare professor (lærar?) ved The Normal and Industrial School i South Dakota.

Carl fekk òg ektefelle av norsk avstamming da han gifte seg med Gunda Garmosøygard[1], barnebarn av utvandrarar frå Lom i Gudbrandsdalen. Dei fekk seks born. Den eine av desse var Johan Lawrence som var professor i medisin ved universitetet i Berkley. Ein annan son var professor Ernest Orlando Lawrence.

Professsor Ernst Orlando Lawrence ved Universsity of Calefornia Berkely i USA, et av de mest lysende navn i moderne videnskap. I 1940 (sic!) fikk han Nobelprisen i fysikk som oppfinner av Syklotronen, populært kalt atomkanonen. Med denne oppfinnelse hadde han gitt vitenskapen et nytt og meget virkningsfullt redskap til studiet av atomspaltingen. Han er ikke nettopp oppfinner av atombomben, men både ved sin oppfinnelse og i sitt senere arbeid, er han av de vitenskapsmenn som har bidratt mest til at atombomben er blitt virkelighet.

Det er ikke uten en viss stolthet at vi kan regne ham som halveis lands-mann. Hans slekt er rent norsk, både på farssiden og på morsssiden, selv om både han og foreldrene er født i USA.

– Rjukan Dagblad. Februar 1946.

Referanse

  1. Iflg. Bygdabok for Lom bd 2 s. 42f (under Garmosøygarden) var foreldra Marit Knutdtr. frå Vesløygarden (1834-1905) g. 1871 m. Eirik Jakobsson frå Garmosøygarden (1846-1921). Dei var innerstar i Garmosøygarden da dei gifte seg, og utvandra i 1873. Det står dei kom til Iowa, fekk fire barn til, og at eit av barnebarna fekk nobelprisen i kjernefysikk i 1939.

Litteratur

  • «Ernest Lawrence»Wikipedia på engelsk
  • Tov Flatin: Seljordssoga, Seljord kommune, 1945 og 1954.
    • Bind II «Gardar og ættir i hovudsokne og Flatdal sokn»
    • Bind III «Gardar og ættir i Flatdal sokn (framhald frå II band.) og Åmotsdal sokn», «Ymse lag i heradet» og «Rettingar til band I, II og III».
  • Aakre, Harald: Skarsvegen. Svartdal, 1991.
  • Høgehaug, Olav/Trygve Nes: Ættesoge frå Øvre Telemark. Skien, 1997. ISBN 82-992218-6-2.
  • Rjukan Dagblad. 1946.

Eksterne lenker