Kvennebekken bustadfelt 2 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvennebekken bustadfelt 2 | |
---|---|
Utskilt: | 2003 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Aust-Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 893 |
Type: | Bustadseigedom |
Kvennebekken bustadfelt er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune.Dette huset er det fyrste som vart bygt på det nye byggjefeltet som ligg ved vegen mot Breive, litt forbi hyttefeltet i Otrosåsen. Det vart oppsett av dei som bur her (2006), og teke i bruk i 2003.
Sivert Rugland, f 1960
- g m Bente Bakken, f 1965. Born:
- Stig Morten, f 1983, p t (2004) under utdaning
- Trond Arne, f 1985, p t (2004) under utdaning
- Bjørnar, f 1989
- Åge, f 1990
Sivert er frå Klepp på Jæren, og son åt Astrid og Sverre Rugland. I yrkeslivet har han vore radio- og TV-reparatør. Bente er dotter åt Turid Marie Bakken (sjå Tuftevegen 19-23, bnr 653) frå det fyrste ekteskapet hennes. Ho arbeider på Hovdestøylen hotell. Bente og Sivert budde mange år på Klepp, men flutte så til Hovden, fyrst ho i år 2000, så han i 2002.
Koordinater: 59.55611° N 7.34629° Ø