Tuftevegen 19-23 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tuftevegen 19-23
Utskilt: 1995
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 653
Type: Bustadseigedom

Tuftevegen 19-23 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dei som bur her bygde huset sitt i 1995.

  • Magne Dagfinn Bakken, f 1947
g m Turid Marie Auestad, f 1945
Hennes barn:
Deira born:
  • Dreng Bertin, f 1972, g m Elin Myhre, sjå Kolmila 3, bnr 509
  • Bjørn Erling, f 1974, g m Hanna Elise Lindfors, sjå Glidbjørg
  • Margit, f 1978, g m Jan Syrtveit, busett Andøya

Magne er frå Bakken, Ørnefjødd, og son åt Dreng Tarjeisson Bakken, og kona, Ingebjørg Halvardsdotter, fødd Glidbjørg. Han har arbeidd som vaktmeister, men er nå banemeister på idrettsbanen. Turid er frå Sandnes, og dotter åt Bertin og Else Auestad. Ho er husmor.

I sokkeletasjen er det to hybelleiligheter. Dei som bur her (2005) er dei fylgjande:

  • Leif Olof Patrik Berglund, f 1968

Leif er frå Skinnskatteberg i Sverige.

Knut Breivegen kring 1990. Bilete frå kommunearkivet.
  • Knut Breivegen, f 1978

Knut er frå Hovden og son åt Liv og Per Breivegen (sjå Malmvegen 22). Han er utdanna som industrimekanikar, og arbeider ved Agder Energi. Elles er han ein god og ihuga hardingfelespilemann.


0941 Bykle komm.png Tuftevegen 19-23 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jernvegen 29 (Tuftevegen 14) • Neste bolk: Tuftevegen 17

Koordinater: 59.55355° N 7.36649° Ø