Anne Håtveit
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anne Håtveit var ein bunadtilverkar (fødd 3. november 1894 i Morgedal, død 4. august 1976 og gravlagt på Brunkeberg kyrkjegard). Ho var dotter av Åsmund Olavsson Drotning (1836-1928) og Kristi Aslaksdotter Særen 1848-1816) og syster til Signe Håtveit. Signe og Anne blei kalla for Håtveit-jentun.
Anne har etterlatt seg mange rosemønster, som stadig blir bruka til brodering av Vest-Telemark bunadar. Anne flytte saman med syster si, Signe, til Kviteseid. Dei kaupte den vesle garden Kyrkjebø i 1937. Deira niese, Margit Nilsen, overtok mønstra etter tantene då dei gjekk bort.
Kjelder
- Munnlege kjelder, Kviteseid 2017.
- «Kyrkjebø», side 901 i Norske gardsbruk : Telemark fylke. 2, Oslo : Forlaget norske gardsbruk, 1955.
- SAKO, Kviteseid kirkebøker, F/Fb/L0002: Ministerialbok nr. II 2, 1882-1916, s. 43, dåp nr. 22.
- DIS-Norge sitt gravminnesøk.
- Anne Håtveit i Historisk befolkningsregister
- Anne Aasmundsdotter i folketeljinga 1900 for Haatveit nedre 73/1 i Kviteseid herred frå Digitalarkivet
- Anne Aasmundsdotter i folketeljinga 1910 for Haatveit nedre 73/1 i Kviteseid herred frå Digitalarkivet