Kristian Østberg
Kristian Østberg (fødd 8. november 1867 i Grue, død 1942 i Ås) var dosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved Norges landbrukshøgskole frå 1918 til 1938. Han underviste også ved Krigsskolen i Oslo 1919-1933.
Foreldra var gardbrukar Johannes Østberg og Johanne Moe. Han vart gift i 1895 med Harriet Jensine Bryhn (1866–1915). I andre ekteskap var han gift (1918) med Marie Bagaas (1873–1961).
Før han vart jurist tok han lærarutdanning på Asker seminar, der vi finn han i folketeljinga 1891.[1] Ved folketeljinga 1900 var han lærar på Vålerenga skole i Kristiania, og budde med kona og to born i Schweigaards gate 84.[2]
Østberg er mest kjend for bokverket Norsk bonderett I–XII (1914–39). Det fyrste bandet, som gjev ei framstilling av Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler, disputerte han på for den juridiske doktorgraden i 1915. Innsamlinga av bonderettsleg tradisjonstilfang og skikk og bruk gjorde Østberg til si livsoppgåve.
Alt i 1901 og 1902 hadde han stipend frå Universitetet for å sanke munnleg tradisjon på Finnskogen om innvandringa til finnane, og frå 1903 reiste han kvar sommar rundt i landet for å samle opplysningar om norsk bonderett, i åra 1912–24 med stipend. Han drog òg på studieferder til utlandet, Stockholm og Uppsala, København, Lund, Færøyane og Orknøyane.
Han var interessert i folkeminne og gav ut Svartboka i 1925.
Referansar
- ↑ Kristian Johanness. Østberg i folketeljinga 1891 for Bærum herred frå Digitalarkivet.
- ↑ Kristian Østberg i folketeljinga 1900 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.
Kjelder og litteratur
- Haukaas, Kaare: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XIX. Oslo 1983.
- Kristian Østberg i Historisk befolkningsregister.