Kristian Østberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
I 1900 budde Kristian Østberg med kone og to born i Schweigaards gate 84 i Kristiania.
Foto: Chris Nyborg (2013).
Østberg er gravlagd i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2022)

Kristian Østberg (fødd 18. november 1867 i Grue, død 21. februar 1942 i Ås) var dosent i rettslære og nasjonaløkonomi.

Familie

Foreldra var gardbrukar Johannes Østberg og Johanne Moe. Han vart gift i 1895 med Harriet Jensine Bryhn (1866–1915). I andre ekteskap var han gift (1918) med Marie Bagaas (1873–1961).

Liv og virke

Østberg underviste ved Norges landbrukshøgskole frå 1918 til 1938. Han underviste også ved Krigsskolen i Oslo 1919-1933. Blant elevene på Krigsskolen var kronprins Olav, var Østbergs elev i årene 1931-1933.

Før han vart jurist tok han lærarutdanning på Asker seminar, der vi finn han i folketeljinga 1891.[1] Ved folketeljinga 1900 var han lærar på Vålerenga skole i Kristiania, og budde med kona og to born i Schweigaards gate 84.[2]

Østberg er mest kjend for bokverket Norsk bonderett I–XII (1914–39). Det fyrste bandet, som gjev ei framstilling av Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler, disputerte han på for den juridiske doktorgraden i 1915. Innsamlinga av bonderettsleg tradisjonstilfang og skikk og bruk gjorde Østberg til si livsoppgåve.

Østberg er gravlagd i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.

Folkeminnesamleren

Alt i 1901 og 1902 hadde han stipend frå Universitetet for å sanke munnleg tradisjon på Finnskogen om innvandringa til finnane. Dette resulterte i boken Finnernes Bosættelse i Solør (1903). Frå 1903 reiste han kvar sommar rundt i landet for å samle opplysningar om norsk bonderett, i åra 1912–24 med stipend. Han drog òg på studieferder til utlandet, Stockholm og Uppsala, København, Lund, Færøyane og Orknøyane.

Østberg var interessert i folkeminne og gav ut bøkene Landbrukets merkedager (1911) og Svartboka (1925), i tillegg skrev og publiserte han kortere sagn i norske aviser. I Norsk Folkeminnesamling finnes i dag både avisutklipp, notater og brev som Østberg hadde samlet på og sendte inn. De inneholder mye tradisjonsmateriale fra Finnskogen, huldrehistorier og oversikter over juridisk terminologi.

Referansar

  1. ↑ Kristian Johanness. Østberg i folketeljinga 1891 for Bærum herred frå Digitalarkivet.
  2. ↑ Kristian Østberg i folketeljinga 1900 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur