Midt-Noreg
Hopp til navigering
Hopp til søk
|
Midt-Noreg eller Midt-Norge Mal:Nb er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Nordmøre og Romsdal, og til tider sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelagsfylka og heile Møre og Romsdal, og Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983.
Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane Kristiansund på Nordmøre; Røros, Orkdal og Trondheim i Sør-Trøndelag; og Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Nord-Trøndelag.
Offentleg administrasjon
Offentleg administrasjon som dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal
- Frostating lagdømme
- Helse Midt-Noreg
- Arbeidstilsynet Midt-Noreg
- Skatt Midt-Noreg dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [1]
- Statens vegvesen, region midt dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [2]
- Utlendingsdirektoratet, regionkontor Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [3]
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [4]
- Kystverket Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [5]
Etatar og organisasjonar med annan inndeling
- NVE Region Midt dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre [6]
Organisasjonar
- Kreftforeningen, Seksjon Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [7]
- Norges Motorsportforbund, Region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [8]
- Operasjon Dagsverk Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [9]
Næringsliv
- SpareBank1 Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Nordmøre[10]
- AOF Mid-Norge dekkjer Trøndelag, og AOF Møre og Romsdal dekkjer Møre og Romsdal [11]
- TINE Midt-Norge dekkjer Trøndelag, Nordmøre og Romsdal, og i tillegg Bindal [12]
- OIKOS Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [13]
- Husbanken, region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [14]
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Midt-Noreg» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |