Berje Aarbø
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Berje Aarbø (fødd 12. november 1890 i Fitjar kommune, død 23. august 1971) var lærar, bonde og ordførar i Fitjar.
Han var son av Jens T. Aarbø og Rannveig f. Hovland. Berje Aarbø tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1914.
Som nyutdanna vart han i 1914 tilsett ved framhaldsskulen i Eigersund landsokn, før han året etter byrja som lærar i heimbygda Fitjar. Samstundes tok han òg til som bonde.
Aarbø var formann i likningsnemnda, jordstyret og skulestyret i Fitjar. Han sat som varaordførar før han i 1929 vart ordførar i bygda. Frå 1916 var han dessutan bankrevisor.
Berje Aarbø vart i 1916 gift med Maria Olsdotter Fitjar (1895-1986), dotter av Ole Tørrison Fitjar og Olina Thomasdotter. I 1934 hadde ekteparet Aarbø tre søner og tre døtrer. Berje og Maria Aarbø er gravlagde på Fitjar kyrkjegard.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 2336880), med bilete av gravminnet.
- Berge Jensen i folketelling 1910 for herred fra Digitalarkivet
- Ministerialbok for Fitjar prestegjeld: Viede 1916
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket