Berje Aarbø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berje Aarbø i Norske skulefolk 1952
Foto: Ukjent fotograf

Berje Aarbø (fødd 12. november 1890 i Fitjar kommune, død 23. august 1971) var lærar, bonde, motstandsmann og mangeårig ordførar i Fitjar.

Han var son av Jens T. Aarbø og Rannveig f. Hovland. Berje Aarbø tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1914.

Som nyutdanna vart han i 1914 tilsett ved framhaldsskulen i Eigersund landsokn, før han året etter byrja som lærar i heimbygda Fitjar. Samstundes tok han òg til som bonde.

Aarbø var formann i likningsnemnda, jordstyret og skulestyret i Fitjar. Han sat som varaordførar (1926-28) før han i 1929 vart ordførar i bygda. Han hadde ombodet heilt fram til 1951. Frå 1916 var han dessutan bankrevisor.

Under andre verdskrigen deltok han aktivt i lærarane sin kamp mot nazifiseringa og vart sammen med andre lærarar internert i Kirkenes. Seinare vart han med i anna sivilt motstandsarbeid og knytta seg til Fylkesrådet i Hordaland, også kjend som «Det vestlandske Frihetsrådet».

Berje Aarbø vart i 1916 gift med Maria Olsdotter Fitjar (1895-1986), dotter av Ole Tørrison Fitjar og Olina Thomasdotter. I 1934 hadde ekteparet Aarbø tre søner og tre døtrer, mellom anna Arnhild (f. 1925, gift Hauglid), som òg vart lærar. Berje og Maria Aarbø er gravlagde på Fitjar kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer