Nora Kiperberg
Nora Olivia Kiperberg (født 11. februar 1912 på Fremmerlid i Skodje, død 15. desember 2015 i Volda) var friviljug sjukepleiar under felttoget i Romsdalen i 1940 og seinare sjukepleiar ved Volda sjukehus. Foreldra hennar var Hilda og Aret Tomren, og dei flytte etter kvart til Sjøholt i Ørskog kommune der Nora voks opp.
I yngre år arbeidde Nora i butikk, og starta til og med sin eigen, Tomren Handel. Men så tok ho sjukepleieutdanning, og var i praksis ved Ålesund sjukehus da krigen braut ut 9. april 1940. I samband med mobiliseringa av Møre infanteriregiment nr 11 på Setnesmoen skulle det òg settjast opp eit feltsjukehus under leiing av overlege og kaptein Longva ved Langevåg sjukehus. Sjukehuset skulle ha med eit røntgenapparat, og Longva kom til sjukehuset i Ålesund og bad om friviljuge. Nora var kjent med å handtere røntgen og meldte seg.
Feltsjukehuset, eller -lasarettet, vart etablert på Flatmark i Romsdalen, og var operativt under storparten av dei om lag tre vekene krigshandlingane vara. Dei tok i mot og behandla såra og skadde norske og tyske soldatar, også nedskotne tysje flymannskap og fallskjermsoldatar frå angrepet på Dombås. Dei som var hardast skadde vart vidaresendt til Ålesund sjukehus. Nora Kiperberg var med heie operasjonen til personellet var attende i Ålesund.
Etter krigen flytta Nora til Volda og stilling som sjukepleiar ved Volda sjukehus. I 1959 gifta ho seg med Sverre Kiperberg (1910-1993) og dei bygde seg bustadhus i Kårstadvegen 7.
3. juni 2015 fekk Nora overlevert Deltakarmedaljen og regjeringas minnemedalje for innsats under andre verdenskrigen.
Kjelder
- Permanent sidelenke, Noras dåp 1912 i Skodje prestegjeld, nr. 5 nederst på sida.
- Foreldra og eldre syskjen i folketeljinga på Fremmerlid i 1910
- Dødsannonse i Sunnmørsposten 19.12.2015
- Busetnadssoga for Volda band 4b, 2011 s. 31
- Aam, Svein: Nora (103) sin krigsinnsats har blitt gløymd. Sunnmørsposten 28.4.2015 s. 18-19.
- Aam, Svein: Betre seint enn aldri for krigshelten Nora. Sunnmørsposten 4.6.2015 s. 10-11.
- Aam, Svein: Då Nora Kiperberg (103) endeleg fekk krigsheider. Voldaminne 2015 s. 37-41.
- Rapport fra Møre infanteriregiment nr 11. Krigen i Romsdal og Nordre Gudbrandsdal i tiden 11/4 - 2/5 1940. Udatert stensilert kopi ved biblioteket Høgskulen i Volda.
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |