Sjøholt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
E39 går gjennom Sjøholt. Til høgre ser vi det freda Sjøholt Hotell.
Foto: Trond Nygård (2020).

Sjøholt er ein tettstad i Ålesund kommuneSunnmøre, Staden, som har 1450 innbyggjarar (2019), var administrasjonssenter i Ørskog kommune før samanslåinga med Ålesund i 2020. Sjøholt ligg der Ørskogelva munnar ut i Storfjorden.

Gjennom Sjøholt går E39 (Ålesundsvegen), og her tek fylkesveg 650 (Storfjordvegen) av mot Fjord kommune. Tettstaden har noko industri, butikkar og overnattingsstader. Sjøholt Hotell, oppført 1901, er ein freda sveitsarstilbygning på tre og ein halv etasje.

Ørskog kyrkje, som ligg sør for elvemunningen, er ei langkyrkje i tre frå 1873. Søraust for kyrkja ligg prestegarden og nye Ørskog skule (opna 2018).

Galleri

Kjelder og litteratur