Haugeli (Fedje gnr 168 bnr 204)
| Haugeli | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 204 |
| Adresse: | Husøyna 2 |
Haugeli er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.
1. Fedje kommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 201 (vart frådelt gnr 168 bnr 6 i 1966) og gnr 168 bnr 210 i 1966. Kommunen sette opp utleigebustad her i 1967, i byrjinga rekna for lærarar. Det er to husvære her.
Leigebuarar
Bustad 1A:
2. Bjørn Harald Bendiksen f. 1952 Saltdal i Nordland g. 1979 m. Ragnhild Edle Bakke f. 1957 Bergen, begge lærarar, budde her frå 1978 til 1986, då dei flytta til Manger, Radøy (sjå Radøyb. III s 217), no Alver kommune.
Born: a. Amund Bakke Bendiksen f. 1984, bustad Manger. b. Øyvind Bakke Bendiksen f. 1989, bustad Manger.
3. Nils‑Tore Leivdal f. 1963 Moldøyna (gnr 170 bnr 12-4a) g. 1987 m. Astrid Kjølleberg f. 1956 Lista, Farsund, sjukepleiar og helsesøster, budde her frå 1986. Familien flytta til Stavanger i 1991, es. oppløyst.
Born: a. Marta Leivdal Kjølleberg f. 1988, bustad Stavanger. b. Åse Leivdal Kjølleberg f. 1989, sjå Stormark gnr 172 bnr 166-5.
Nils-Tore var initiativtakar til og var med og starta røykeriverksemd på Fedje frå 1987, jf Muren gnr 168 bnr 47-3. Seinare har han drive fiskeforedling m.a. i Danmark, frå 1997 markedsdirektør, bustad Bergen, flytta til København.
Nils-Tore var samb.m. Randi Skot Hagensen f. 1968 Holstebro, Danmark.
Born: c. Solveig Leivdal Hagensen f. 1996, bustad Odense, Danmark. d. Asger Leivdal Hagensen f. 1998, bustad Middelfart, Danmark.
Nils-Tore samb.m. med Susanne Stevelind f. 1971, bustad København.
4. Ingebjørg Moldøen f. 1962 (gnr 170 bnr 2-18f) g. 1984 m. Torgeir Håvik f. 1960 Fusa, busette der. Ekteskapet oppløyst, Ingebjørg og borna flytta til Fedje i 1990, busette her frå 1991. Ho har vore landpostbod. I 1996 flytta dei til Bergen. Sjå òg Moldøyna (gnr 170 bnr 70).
Born: a. Anders Moldøen f. 1985, tømrar, samb.m. Heidi Moldøen f. 1987 Øygarden, sjå Husa (gnr 168 bnr 415-1b), bustad Os i Bjørnafjorden kommune. b. Daniel Moldøen Håvik f. 1988 d. 2 md gl. c. Marius Moldøen f. 1990, prosjektleiar, bustad Hopland i Austrheim, var samb.m. Kamilla Brattebø f. 1987 Vaksdal, bustad Austrheim.
5. Finn Magne Mongstad f. 1967 Hesthaugen (gnr 169 bnr 18-4e, sjå der) budde her frå 1996. Han flytta til Omastrand i Kvam, g. 2000 m. Kari Nytvedt Olsen f. 1959 Bergen, sjå Kopper gnr 168 bnr 352.
Bustad 1B (i sokkel):
6. Gunnhild Ceselie Nordvik f. 1959 Fjell, førskulelærar, budde her frå 1987 til 1989, det siste året var ho styrar i barnehagen. Ho flytta deretter til Fjell igjen, bustad Nordvika, no i Øygarden kommune.
7. Odd Kleppe f. 1949 Sulo (gnr 169 bnr 72-2b, sjå der) d. 1999 var busett her frå 1995 til han døydde.
Heile huset
8. Jan Inge Uthaug f. 1967 Svena (gnr 168 bnr 234-1a), maskinsjef. Skøyte i 2000. Huset vart renovert i 2005. Seinare bustad Ystebø på Radøy, g. 2012 m. Monica Blommedal f. 1980 Soltveit på Radøy (jf Radøyb. I s 81). Ekteskapet oppløyst.
9. Toril Gundersen f. 1954 Bergen g. 1979 m. Terje Hesthamar f. 1956 Norheimsund i Kvam, oppvaksen der og i Bergen, bustad Bergen. Skøyte i 2012. Huset vart renovert i 2020, og vert brukt som fritidsbustad.
Born: a. Stig Arne Hesthamar f. 1980, bustad Bergen. b. Kristian Hesthamar f. 1983, bustad Askøy. c. Elise Hesthamar f. 1990, bustad Bergen.
| Haugeli (Fedje gnr 168 bnr 204) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Utheim (Fedje gnr 168 bnr 203) • Neste bolk: Bakkeli (Fedje gnr 168 bnr 205) |