Myri 2-8 (Bykle)
Myri 2-8 | |
---|---|
Myri 2-8 i slutten av april 2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 2000 |
Utskilt: | 2000 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 14 |
Bnr: | 68 |
Type: | Bustadeigedom |
Postnummer: | Myri 2-8 |
Myri 2-8 i Bykle er ein firemannsbustad med utleigeleilighetar som Pål Georg Ryningen (Hovden Hybelbygg ANS) sette opp på byggjefeltet i 2000-2001. For tida (haust 2005) er 2 av dei 4 bueiningane folkesette.
I ei av leilighetene her bur:
- Torleiv Sælid, f 1976
- sb m Merete Ruud Engesland , f 1981
Torleiv er frå Berget, Mosdøl, og son åt Jan Sælid og Gunvor Torleivsdotter, fødd Mosdøl. Han er mekanikar og driv maskin-/landbruksverkstad i Bykle. Om Merete veit me berre at ho er frå Evje.
I ei anna leilighet her bur:
- Olav K. Berdalen, f 1946
- sb m Janne Solfrid Fiskå, f 1951
Olav Berdalen er kommunearbeidar. Han kjem frå Solhaug eller Bjones i Berdalen, og er son til Knut O. Berdalen og kona, Borghild, fødd Nilsen. Han har tidlegare vore gift og hatt familie i Bykle. Dette er omtala i bolken om Furubo, gnr 15, bnr 78.
Olav og Janne flutte inn her i 2003, etter at dei tidlegare hadde budd i Solhaug Berdalen. Janne er fødd i Søgne i 1951, og dotter åt Klara og Eivind Skorgen. Ho kom til Bykle i 1999.
Ein familie som budde i Bykle i åra 1998-2002, lyt også registrerast. Her i Myri 2-8 var dei berre eitt års tid (2001-2002, men ein stad lyt me plassere omtalen av dei, og då kan det like gjerne verta på denne staden:
- Snorre Emil Baadstø, f 1956
- g m Or Chaibudda, f 1965. Born:
- Mani Marie, f 1995
- Sigmund Kristoffer, f 1998
Snorre er oppvaksen i Mo i Rana. Foreldra hans, som heiter Sigmund og Anne Baadstø, har seinare busett seg i Trondheim. Or kjem frå Udanthani, Thailand. Frå eit tidlegare ekteskap har ho dottera Karen, fødd 1988.
Snorre arbeider i likningsetaten. Tidlegare hadde han stillingar i Kristiansand og Folldal. Han var likningssjef i Folldal, og sameleis i Bykle. Då likningsvesenet vart omorganisert i 2002, flutte han og familien hans or bygda. Han arbeider nå som rådgjevar ved Setesdals likningskontor i Evje.
Myri 2-8 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |