Nordre Gudbrandsdalske kompani
Nordre Gudbrandsdalske kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld, Lom prestegjeld og Vågå prestegjeld i Gudbrandsdalen. Kompaniet kom til i 1657 ved opprustinga i samband med Krabbekrigen da Opplandske regiment vart frådelt frå Akershusiske regiment. På Ovenstads plansjeverk er kompaniet av og til nemnt «Waageske».
Etter ei omorganisering av Akershusiske i 1650 var 5. kompani utskrive frå Gudbrandsdalen, med 90 mann frå Vågå og Lom, men ingen frå Lesja.[1]
Dei militære rullane (sjå nedafor) er dei beste kjeldene til å identifisere dei avdelingane soldatar frå ymse lokalsamfunn gjorde teneste i, for sjølve kompania hadde i tiåra etter at Hæren vart etablert som regel namn etter sjefen eller eit nummer. Den første sjefen for kompaniet var major Poul Michelet.[2]
Frå starten på 1660-åra er det teke vare på slike rullar for Opplandske regiment, og dei syner at:[3]
- i 1662 var det rulleført 142 mann frå Lesja, Vågå med Sel / Breibygda og Lom i 5. kompani under kaptein Johan Wade
- i 1665 var det rulleført 139 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
- i 1670 var det rulleført 135 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
- i 1693 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani
- i 1696 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani
På Kjærlands plansjeverk for perioden 1662-1718 er kompaniet kalla Nordre Gudbrandsdalske.
Etter den nye hærordninga frå 1718 er nemninga også bruk om Lesja kompani, men da er soldatane i hovudsak utskrivne frå Lesja prestegjeld. Dermed kan ein seie at dette kompaniet opphøyrte i 1718.
Sjefar
Grad | Namn | Kp-sjef frå | til | Merknder |
---|---|---|---|---|
Major | Poul Michelet | 1.7.1657 | 20.3.1660 | Død i stilling |
Kaptein | Johan Wade | 30.5.1660 | 19.9.1662 | |
Kaptein | Ole Brun | 19.9.1662 | 3.10.1682 | |
Kaptein | Eilert von Hadelen | 3.10.1682 | 4.5.1884 | |
Kaptein | Casper Georg Brûneck | 2.8.1684 | 10.10.1699 | |
Kaptein | Ernst David Eli | 10.10.1699 | 1706 | |
Kaptein | Niels Meng | 19.05.1706 | 1718 |
Kjelder
- Bull, Arne Marensius 2002: Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS.
- Kaptein Lars Kiærlands oversiktsplansjer over hærens organisasjon 1628-1940
- Olai Ovenstads plansjeverk over Hærens organisasjon 1628-1818
- Skanna militære ruller filtrert for kommunane på Digitalarkivet fram til 1718.