Lesja kompani
Lesja kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld i Gudbrandsdalen.
Etablering og opphør
Ein kan seie kompaniet kom til ved hærordninga av 1718 da Opplandske regiment vart delt i to og avdelingane i Gudbrandsdalen lagt inn under 1. eller Austre Opplandske regiment.
Tidlegare vart soldatar frå Lesja utskrivne til Nordre Gudbrandsdalske kompani. I rullane for det kompaniet ser vi det vart skrive ut 42 mann i 1662 og 1665, 39 mann i 1670, 41 mann i 1693 og det same i 1696.
Så er det ikkje registrert ruller før i 1739, altså 21 år etter delinga av regimentet i 1718, og da er nemninga framleis Nordre Gudbrandsdalske kompani under kaptein Langeland. Men no bestod det av 41 legder og 82 soldatar frå Lesja og Dovre, og ni legder med 18 soldatar frå Sel anneks av Vågå prestegjeld, til saman 100 mann.
I perioden 1789-1817 inngjekk kompaniet i regimentets 2. nasjonale bataljon, og frå 1818 til 1866 i Gudbrandsdalske nasjonale musketerkorps, stort sett heile tida saman med dei andre kompania i dalen.
Vi kan så seie kompaniet eksisterte som eining med hovuddelen av dei utskrivne soldatane til Hæren vart omorganisert i 1866 og Gudbrandsdalens bataljon fekk 4 kompani der det første bestod av soldatar frå Lesja, Vågå og Lom.
Operasjonar kompaniet deltok i
Sjefar og kompanisjefsgard
Berre Systugu Avdem var formell sjefsgard for kompaniet, sjå Bygdebok for Lesja bd. 2 s. 561ff.
Grad | Namn | Kp-sjef frå | til | Merknder |
---|---|---|---|---|
Kaptein | Carl von Passow | 15.8.1718 | 16.6.1730 | |
Kaptein | Tosten Langeland | 16.6.1730 | 1.9.1745 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 266 |
Kaptein | Hans Wilhelm Dopp | 1.9.1745 | 19.10.1746 | |
Kaptein | Johan Wibe Pihl | 19.12.1746 | 12.6.1748 | Død i stillinga |
Kaptein | Wilhelm Friderich von Hanstein | 17.7.1748 | 26.10.1752 | |
Kaptein | Ludvig Christian Orning | 26.10.1752 | 1.5.1765 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 471 |
Kaptein | Nicolaus Daniel Fischer | 1.1.1766 | 4.3.1773 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 550 |
Kaptein | Christian Robert Ruge | 4.3.1773 | 26.5.1779 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 550 |
Kaptein | Amund Bøe | 26.5.1779 | 1.4.1786 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 236 |
Kaptein | Joachim Wessel | 14.7.1786 | 2.3.1787 | |
Pr. major | Israel Olai Sigholt | 2.3.1787 | 22.8.1788 | |
Kaptein | Thomas Christian Rosing | 22.8.1788 | 21.12.1788 | Død i stillinga |
Kaptein | Jacob Lund | 1.5.1789 | ??.8.1789 | Deretter vakant til neste |
Kaptein | Peder Lorentz Stibolt | 5.3.1790 | 11.5.1798 | |
Kaptein | Isach Mandahl | 11.5.1798 | 29.3.1800 | Død i stillinga |
Kaptein | Otto Friderich Gremming Heyerdahl | 16.5.1800 | 6.2.1801 | |
Kaptein | Peter Todderud Coucheron | 6.2.1801 | 20.12.1808 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 562. Død i stillinga |
Kaptein | Andreas Gieldt | 15.6.1809 | 16.12.1809 | |
Kaptein | Lars Halvorsen Hoel | 16.12.1809 | 1818 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563 |
Kaptein | Jens Christian Glad | 1818 | 1824 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563 |
Kaptein | Christian Dorph Piro | 1824 | 1824 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563 |
Kaptein | Hans Urban Fabricius | 1825 | 1829 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563 |
Kaptein | Georg Ulrich Lohse | 1829 | 1836 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 2 s. 563 |
Kaptein | Lorentz Olaus Sigholt | 20.2.1838 | 1842 | |
Døme | Døme | Døme | Døme | Døme |
Ekserserplassar
Kjelder
- Bull, Arne Marensius 2002: Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS.
- Kaptein Lars Kiærlands oversiktsplansjer over hærens organisasjon 1628-1940
- Olai Ovenstads plansjeverk over Hærens organisasjon 1628-1818
- Skanna militære ruller filtrert for Lesja på Digitalarkivet