Lokalhistoriewiki:Hovedside

Mal:Månedens dugnad 2024-06

Nytt på Lokalhistoriewiki

Se også på Lokalhistoriewiki

Mal:Bildespørsmål 2024-23


Smakebiter fra artiklene

Hanna Marie Resvoll-Holmsen ved teltet sitt i Adamsfjord, Lebesby kommune. Adamsfjordfossen til venstre.
Foto: Gunnar Holmsen/NB

Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget. Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899.

Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa.   Les mer …

Regjeringa Borten (1965–1971) i sitt første statsråd på Slottet. Faksimile frå Aftenposten 13. oktober 1965.

Regjeringa (formelt Noregs Statsråd) er øvste utøvande myndigheit i Noreg, med ansvar for å setje i verk vedtak frå og foreslå saker for Stortinget. Statsministeren leiar regjeringa, og kvart departement leiast av ein statsråd. Grunnloven omtalar statsminister, men bruker elles nemninga statsråd om minister (eller medlem av statsrådet). Den statsråden som leiar Utanriksdepartementet, blir kalla utanriksminister. Statsråd er den tradisjonelle nemninga på ein regjeringsmedlem som ikkje er statsminister eller utanriksminister. Nemninga nyttast synonymt med minister, og vart innført ved kongelig resolusjon av 19. mai 1814.

Nemninga statssekretær vart nytta fram til 1926 om statsrådssekretæren, statsrådets sekretær som møtte i statsrådet, ein stilling som forsvant 1969 då denne funksjonen vart overtatt av Statsministerens kontor.

Etter Grunnloven ligg den utøvande makta hos kongen (eller regjerande dronning), og monarken eller tronarving skal derfor ta del i regjeringa sine plenumsmøte – på papiret er det «Kongen i statsråd» som styrer landet, men sidan parlamentarismen blei innført i 1884, har monarken berre ein symbolsk funksjon.   Les mer …

Væren i Gjesdal sitt kommunevåpen viser både til sauehaldet som landbruk og til ullvareproduksjonen som har så lang tradisjon i bygda.
Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller «protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av (A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874).   Les mer …

Ukas artikkel

Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-23

Ukas bilde

Mal:Utvalgt bilde 2024-23

Om lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI.

NB-logo-no-farge liten.png

Les mer...