Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneLunnøy er ei fråflytta øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg gravhaugar og fleire mindre klebersteinsbrot frå yngre jernalder her. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya, og det høgaste folketalet var 40 personar i 1940. Talet på husstandar var åtte i 1940-åra. Gardbrukarane på den 0,6 kvadratkilometer store øya var fiskarbønder. I 2019 flytta den siste fastbuande frå Lunnøy. Fleire fritidsbustader er bygde dei siste tiåra, og den lokale snøggbåtruta har stjernestopp her. Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk, ein såkalla rullestokk, som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Ser ein øya frå nord, skrår ho austover, og dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag Les mer …Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget. Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899. Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa. Les mer …
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk. Les mer … Rebekka Goldenheim (født 24. august 1883 i Kristiania, død 1. desember 1942 i Auschwitz) var musikklærer i Kristiania/Oslo. Under andre verdenskrig ble hun som jøde deportert og drept i gasskammeret i Auschwitz.
Hun var datter av skraphandler Moritz Selig Goldenheim (1851–1910) og Sophie Goldenheim (1854–1908). I folketellinga 1900 er hun oppført sammen med foreldrene og tre søsken i Norbygata 7. Den eldste av søskene, Helga Goldenheim (1878–1936) var født i Liverpool, mens Amalie (1880–1920) og Josef (f. 1887) var født i Kristiania. Begge foreldre har oppgitt Mariompol (Marianopol) i Russland som fødested, og vi kan ut fra barnas fødested og -år anta at de kom til Norge mellom 1878 og 1880. Les mer …Turn- og idrettsforeningen Viking (TIF Viking) er et idrettslag fra Bergen, stiftet den 17. mai 1892. De første årene drev foreningen med turn, skyting med salongrifle, roing, løp, fjellturer og sosiale sammenkomster, men utvidet snart aktiviteten med skisport, kappgang, fotball, orientering, friidrett og mosjon. I 1895 fikk foreningen medlemskap i Norsk Idrettsforbund. Fra 1935 har foreningen hatt fast tilholdssted i Vikinghallen i Øvre Dreggsallmenningen 7. I dag har Turn- og Idrettsforeningen Viking et moderne idrettskonsept med trening for alle slags brukergrupper. Foruten de tradisjonelle avdelingene som friidrett, håndball, kappgang, langrenn, orientering, turn og volleyball, har foreningen en skigruppe, en barnegruppe og en hytte- og fjellgruppe. I 1995 startet foreningen idrettsskole for barn og unge. Vikinghytten på Vareggen er åpen for besøkende de fleste søndager i året, og på Mjølfjell har foreningen har vinterhytten «Sagatun». Les mer … |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 429 artikler og 210 426 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|