Forside:Flora

Sideversjon per 23. nov. 2011 kl. 22:34 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Mal:Navigasjon Flora
Om Flora
Flora   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert.
Foto: Ukjend fotograf
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.   Les mer …

Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Historielaget sin logo.
Flora Historielag er eit historielag i Flora i Kinn kommune. Laget vart skipa 28. mars 2001, og har frå same året gjeve ut årsskriftet Floraminne. I 2018 hadde historielaget 218 medlemmer. Ideen om å skipe eit historielag i Flora kom frå dåverande kultursjef Edvin Helgheim.   Les mer …

Hovudmål for åtaket i Florø skulle vere kjøle- og eller fryseanlegg, Shell sine oljetankar og hermetikkindustri.
Operasjon Kitbag var eit militært åtak retta mot Florø i Sogn og Fjordane. Første forsøket på å gjennomføre åtaket fann stad i desember 1941, men dette mislukkast. Ein redusert versjon av Operasjon Kitbag vart likevel gjennomført i januar 1942. I tre timar heldt fartøya seg i indre farlei, og delvis inne ved Florø. Dei opna kanoneld mot fartøy ved kai på Florø hamn og mot bygningar på land. I følgje sluttrapporten til Chiefs of Staff frå Lord Mountbatten, signert den 8. januar skal det ha blitt senka to trålarar som låg ved hermetikkfabrikken. Vidare skal denne bedrifta ha vorte tilført skade, og utanfor Florø vart eit skip senka.   Les mer …

Asbjørn Olai Aamot
Foto: Norske skolefolk (1952)
Asbjørn Olai Aamot (fødd 26. september 1901, død 8. juli 1974) var lærar og fråhaldsmann.

Han var son av bonde Anton Aamot og Olina f. Solheim. Dei dreiv garden Sletten i Askvoll kommune i Sunnfjord. Asbjørn Olai Aamot tok eksamen ved Volda lærarskule i 1925.

Aamot var fyrst vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune. Han arbeidde fyrst i krinsane Barlindbotn og Grov, deretter i Barlindbotn og Tonheim.   Les mer …

Jon Sørensen og familien.
Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Flora
ingen underkategorier
 
Andre artiklar